Den amerikanske draumen – endå ein gong
Arthur Millers evergreen har sterke nedslag, men haltande heilskap på Nationaltheatret.
Atle Antonsen som Willy Loman og Laila Goody som kona Linda. Sønene vert spelte av Olav Waastad og Espen Alknes.
Foto: Øyvind Eide
Teater
Nationaltheatret:
En handelsreisendes død
av Arthur Miller
Omsett av Michael Evans
Regi: Trond Espen Seim
Scenografi og kostyme:
Olav Myrtvedt
Musikk: Gaute Tønder
Ein skal leite lenge i teaterhistoria for å finne ein like momentan verdssuksess som Arthur Millers En handelsreisendes død. Det er den vonde historia om slitaren som har late seg utnytte i ei omsynslaus forretningsverd og lever på voner og draumar for seg sjølv og borna. Han vernar seg sjølv mot røynda i den grad at fortid og notid går i eitt for han, og rett som det er, står han midt i situasjonar for mange år sidan – og snakkar med folk som ikkje er der. Det er eit uhyre elegant snikra skodespel, skapt med ein brennande medmenneskeleg medynk. Det slår hardt den dag i dag, 69 år etter urpremieren.
Ulike tidsplan
Mykje av magien i stykket ligg faktisk nett i den ytre forma, der notidssekvensar og fortidssekvensar glir over i kvarandre. Men det må handsamast varleg for at det skal fungere på scena. Den debuterande instruktøren Trond Espen Seim har gitt vidt rom for spelemessig armslag, men diverre har han gjort nokre uheldige arrangementsval. Ei av utfordringane i stykket er at dei to sønene, Biff og Happy, skal opptre i to ulike tidsplan, i notida ca. 30 år, i fortida tenåringar. Dette meistrar skodespelarane Olav Waastad og Espen Alknes heilt utmerkt. Men når den prektige nabokameraten deira, Bernhard, i fortida vert spelt av ein som er om lag tolv år (Luka Zivkovic Tønder), vert retrospektivet uklårt og uforståeleg i det han står saman med to vaksne kameratar. Det vert ikkje betre når den vaksne Bernard i notida vert spelt av same skodespelar som Happy (Espen Alknes). Kva skal dette tyde – eigentleg?
Dei i utgangspunktet fine glidingane i tidsplan vert òg forstyrra av at to skodespelarar, Anders Mordal og Tone Mostraum, båe spelar tre roller kvar utan å endre utsjånad og veremåte nemneverdig. Mordal er både den halvt mytiske onkel Ben frå fortida, den overflatiske direktøren Howard og bartenderen Stanley. Mostraum er både elskarinna i Boston, ung berte på byen og overraskande nok ein kvinneleg visedirektør som gir Willy Loman sparken. (Denne rolla finst ikkje i originalmanuset.) Ein må gjerne insistere på at det er kunstnarleg fundert, men det luktar personalpolitikk. Skodespelarane må få meir å bite i enn tre replikkar kvar. Resultatet er like fullt forvirrande, og ein lyt nok ha sett stykket før for heilt å skjøne kven som er kven.
Kompleks rolle
Det som det har knytt seg mest spenning til før denne premieren, er nok valet av TV-komikaren og sjarmtrollet Atle Antonsen i rolla som Willy Loman. Han er utan tvil ein evnerik utøvande kunstnar, og ein skal aldri undervurdere eit komisk talent. Som Willy Loman viser han ein lågmælt, naturleg varme som stadfester at han er fullt kompetent til «vanlege» roller på ei stor scene. Men Willy-rolla er kompleks. Her treng vi å sjå eit menneske som er utslite av arbeid og stendige vonbrot, vi treng å sjå ein desperat drøymar. Antonsen blir i si maskuline ro for alminneleg, for trygg til at vi heilt kan ta inn tragedien hans. Slik sett blir det dei nære menneska rundt han som ber hovudtyngda i stykket: Laila Goody som den trufaste kona Linda, Jan Sælid som den sympatiske Charley og i sluttsekvensen Olav Waastad som den knuste sonen Biff.
Scenografi og kostyme er prega av ei tidlaus stilisering som kler spelestilen, likeins Gaute Tønder og Olav Waastads stemningsfulle 80-talsmusikk. Og urørt går ein ikkje frå klassikaren En handelsreisendes død, ikkje denne gongen heller. Men kvifor må skodespelarane gå med mikrofonmyggar i eit vanleg talestykke? Det har da gått bra utan på Nationaltheatret i over hundre år?
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Urørt går ein ikkje frå klassikaren En handelsreisendes død, ikkje denne gongen heller.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.