Det nonfigurative sci-fi-teateret imponerer, men grip ikkje.
Sigurd Myhre og Håkon Ramstad. Foto: Øyvind Eide
Teater
Nationaltheatret/Torshovteatret:
Nostalgi 2175
av Anja Hilling
Omsett av Elisabeth Beanca Halvorsen
Regi: Jonas Corell Petersen
Scenografi: Nia Damerell
Musikk: Gaute Tønder.
Nationaltheatrets eksperimentscene, Torshovteatret, har som kjent ei eiga gruppe som jobbar fram fleire framsyningar i serie som tematisk prosjekt. Denne sesongen er det science fiction-sjangeren dei utforskar, eller på betre norsk: teater om framtidsvisjonar. Regissøren Jonas Corell Petersen har fått mykje omtale og entusiastisk merksemd for «annleis»-stykke som utfordrar forma – framsyningar som søkjer å setje levevilkåra våre i nærlys med ironiske og utfordrande verkemiddel. Men det er nok ei smakssak kor engasjerande teater det vert av det. Stykket han og Torshovteatret leverer denne gongen, Nostalgi 2175, er skrive av den unge tyske dramatikaren Anja Hilling. Tyskland må vel òg i vår tid reknast som sjølve hovudlaboratoriet for ny dramatikk og fornya scenekunst. Det er ei utfordring å gje seg i kast med det, både for aktørar og publikum. Men for nokre av oss er det nok mest utfordrande for tolmodet.
Spennande utgangspunkt
Slik stykket blir presentert i programheftet, høyrest det svært spennande ut. Det er verda om 150 år – ei verd der alle planter og dyr har døydd ut, og der menneska ikkje lenger kan røre ved kvarandre og ikkje ferdast utandørs. I dette framtidsrommet vert to menneske forelska, og dei prøver skape seg eit felles liv, mot alle odds. Ei slik historie ville vi gjerne sjå. Men stykket og framsyninga har ikkje lagt vekt på noka kronologisk forteljande uttrykksform. Dette er ei eksperimenterande teaterhending, der ein knapt kan skjøne kva rollefigurane snakkar om, og endå mindre kva dei føretek seg. I ein i og for seg spenstig scenografi, full av forkola småfuglar, ugler, skjelpadder og krabber, ser vi fire meir eller mindre balsamerte skodespelarar spele ut konfliktsituasjonar vi aldri får ta direkte del i, sjølv om dei gjer det med imponerande kroppsleg kontroll og energisk innleving. Slik sett er det langt på veg ei nettopp imponerande teaterhending, men kan hende meir tilfredsstillande om ein tenkjer vernissasje.
Kommunikasjonssvikt
Alt teater treng ikkje vere av Ibsen og i fire aktar. Vi følgjer sjølvsagt med på nye teaterteikn i tida, ikkje minst når det gjeld dramatikarar og regissørar som alt er vidgjetne. Men vi er framleis ei traust gruppe tilskodarar som ynskjer oss ein meir direkte kommunikasjon mellom scene og sal enn den vi får i til dømes Nostalgi 2175 på Torshovteatret, særskilt når vaskesetelen lovar konkret handling. Og når det gjeld sjølve produksjonen: Ei framsyning bør ikkje vare ein halv time lenger enn det står avtala i programheftet. Det tyder på at noko er ute av kontroll.
(Tittelen på denne meldinga er sitat frå ein replikk i stykket – berre eitt døme, blant mange, på tekst vi ikkje forstod.)
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi er framleis ei traust gruppe tilskodarar som ynskjer oss ein meir direkte kommunikasjon mellom scene og sal enn den vi får i Nostalgi 2175 på Torshovteatret.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.