Det sørgjelege kjønnslivet
«Klassikaren» har bleikna i pangeffekt.
Ester Grenersen som den tidlegare stipparen, og Anders Danielsen Lie som forfattar og nekrologskribent i det britiske skodespelet.
Foto: Sturla Bakken / Oslo Nye Centralteatret
Oslo Nye Teater/Østfold Kulturutvikling/Parkteatret Produksjoner:
Closer
av Patrick Marber
Omsett av Dagfinn Nordbø og Per-Olav Sørensen
Regi: Per-Olav Sørensen
Det impulsstyrte og ansvarslause kjærleikslivet mange vaksne menneske har give seg hen til til alle tider, vert sjølvsagt aldri forelda i aktualitet. Det vert skrive om og fundert på i romanar, skodespel, filmar og TV-seriar i det uendelege. Det britiske skodespelet Closer kom såleis som ein brannfakkel for om lag tjue år sidan, og fortalde den velkjente historia ein gong til, med samtidsbriller. Stykket var veldreia teaterskredderi med heile, klåre karakterar og gode dialogar. Det genererte òg ein omtykt filmversjon, med mellom anna Julia Roberts i ei av sine beste roller på film.
No kan vi sjå ein nyoppsetjing med fire av dei finaste teater- og filmskodespelarane våre i den «rette» alderen. Det er absolutt umaken verdt å gå og sjå på Nicolai Cleve Broch, Andrea Bræin Hovig, Anders Danielsen Lie og Ester Grenersen. Men om dei kan stadfeste skodespelet Closer som ein klassikar, kan nok diskuterast.
Såpeopera
I den enkle og reinskorne regien Per-Olav Sørensen har lagt opp, lit han nok litt for mykje på at teksten skal tale for seg sjølv. Personane det handlar om, har yrke og bakgrunn, og dei finn seg i ei tid og i eit miljø. Når miljøet berre skal rissast opp av stolar som vert flytta på, og tid og stad berre blir fortalt på tekstplakatar i bakgrunnen – som i stumfilm, da får faktisk skodespelarane eit veldig ekstraarbeid å gjere, utan tryggingssnett. Det er berre gjennom replikkane åleine dei skal overtyde oss. Og da vert det heile så nake at vi merkar kva som vantar.
Denne teksten har ikkje mange nok lag til at han kan vedgå oss på meir enn på det heilt konkrete, overflatiske planet. Slik blir det som elles kunne vore ei rørande, sympatisk historie om menneskeleg svikt og og det å kome til kort, langt på veg berre ein sjølvhøgtideleg såpeopera.
Gode augneblinkar
Alle dei fire på scena skaper augneblinkar av smerte som overtyder, ikkje minst Anders Danielsen Lie, som etter mange fjetrande filmroller no speler teater for fyrste gong. Det er likevel ikkje til å kome forbi at det her finst ressursar både i forelegget og i utøvarstaben som kunne vore utnytta betre. Ein lyt òg vere merksam på kor fort kulturen endrar seg i måten vi snakkar saman på, ikkje minst om sex. Ein må berre ikkje tru ein kan ta eit 20 år gamalt teaterstykke og utan vidare late som det går føre seg i dag.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det finst ressursar både i forelegget og i utøvarstaben som kunne vore utnytta betre.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.