Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Elsk eller drep meg

Kraftfulle synsinntrykk, men utan appellerande glød.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sarah Kane-oppsetninga på  Nationaltheatret er heilt klårt ikkje hyggedramatikk. Her med skodespelarane Kingsford Siayor og Øystein Røger.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

2362
20170915
2362
20170915

Teater

Nationaltheatret:

Renset

Av Sarah Kane. Omsett av Finn Iunker. Regi: Oskaras Kor?unovas. Scenografi: Gintaras Makarevicius.

Mykje pirrande førehandsreklame har det vore for sesongens første premiere på Nationaltheatret. Dette skulle vere det sterkaste og mest ubehagelege som nokon gong er synt på norsk scene. I England skal folk ha kovna av å sjå det. Og den legendariske Sarah Kane sitt stykke Renset er heilt klårt ikkje hyggedramatikk. Men slik det framstår på Nationaltheatret – spektakulært, effektfullt – er det nær ved å ende som nonfigurativ kunst. Handlinga, og dei ulykksalige personane det skal dreie seg om, vert aldri tydelege nok, og vi kan korkje ynke dei eller verte retteleg skaka av det som hender med dei.

Utrydding

På eit slags forskingssenter kjem ei ung kvinne og ber om kleda etter bror sin, som har døydd etter ein overdose injisert av ein lege. Ho hamnar på underleg vis sjølv som pasient på institusjonen, som syner seg å vere eit slags straffe- og utryddingssenter for menneske som fell utanfor det såkalla normale. Stykket er fragmentert og – i denne oppsetjinga – ramma inn av kjende bibelsitat, dei mest brutale bibelsitata, sjølvsagt, om kompromissløysa i den absolutte kjærleiken og den absolutte trua. Vi kan vel skimte Sarah Kanes ærend i kontrastskildringane av ubøyeleg kjærleik og meiningslaus vald og lemlesting. Utan motbør, utan å bli prøvd, kjem vi kan hende aldri inn til kjernen av kva kjærleik er. Og i kunsten, i teateret, kan det av og til vere eit poeng i å spisse det til det ytste.

Keisamt

Men framsyninga, regissert av den massivt prislønte Oskaras Korsunovas, evnar ikkje i sterk nok grad å fortelje ei historie. Da blir smerteropa og dei grafiske valdsscenene noko vi berre held oss distanserte til, og skodespelarane vert berre teknisk flinke artistar, aldri formidlarar av noko som vedgår oss. Etter kvart blir det som tydelegvis skal vere sterkt og ubehageleg, berre repetitivt og direkte keisamt. Her er både scenografisk og musikalsk mykje å bli fengsla av, stundvis. Men fell nokon i salen i uvita over dette, må dei vere heller ubalanserte på førehand.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Skodespelarane vert berre teknisk flinke artistar,
aldri formidlarar av noko som vedgår oss.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis