Er standup verkeleg standup?
Are Kalvø showar briljant, men spontaniteten er innøvd.
Are Kalvø på scena i lag med Julie Støp Husby.
Foto: Magnus Skrede
Det Norske
Teatret / Scene 2
Are Kalvø:
Toppar VG-lista
Regi: Egil Ulfsby
Scenografi/kostyme: Unni Walstad
Det er ikkje komfortabelt å vere pirkete kritikar overfor den elskelege og intelligente artisten Are Kalvø. Det han serverer denne teaterhausten, er eit slags foredragsshow med utgangspunkt i landeplager dei siste tiåra, med andre ord toppane på VG-lista frå 70-talet til i dag.
Godt følgd av den eminente Julie Støp Husby og musikaren Ståle Sletner får vi gjenhøyr med slagarane til Frank Zappa, Boney M, Belinda Carlisle, Baccara, The Tweets (dei med «Fugledansen») og andre. I alt ti låtar som har vore nr. 1 på VG-lista tek Kalvø utgangspunkt i, med mål om å konkludere at all musikk har relevans for tida dei kjem i, og kvar song kan lære oss noko om livet.
Mykje moro
Her er mykje moro, både av song, dans og vitsing, og scenografien, med ein forstørra platespelar og oppblåste plateomslag, set oss fort i stemning. Vi er nære på å vere hundre prosent med. Men...!
Sjølv om mange av Kalvøs observasjonar av Noreg og norskdom er godt sett og skarpt satirisk leverte, er til dømes herming etter politikarar litt for billig humor i dag. I ei kritisk tid som den vi har levd i siste året, verkar det faktisk litt uhyggeleg.
Heilt overtydde vert vi heller ikkje av vinklinga hans på det såkalla krenkingstyranniet. Dette er jo noko dei fleste av oss lurer på korleis vi skal takle. Skal ein gjere satire på det, lyt det gjerast tøffare enn Kalvø gjer det.
Ikkje like heime
Innimellom desse inntrykka verkar det desto sterkare når han tillèt seg eit og anna ramt alvorleg innslag, som til dømes historia om den gamle barndomsvenen som fekk uventa støtte til å stå fram som homofil. Her kjenner vi klumpen i halsen.
I det heile: Are Kalvø er søt. Han er sjarmerande. Men denne gongen er han ikkje like heime i standupforma som han har vore før, av di vi merkar litt for godt at dette er regissert teater og ikkje improvisasjon. Der har han greidd å lure oss før, og den koden skulle vi gjerne sjå han knekke att.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.