Etter ein idé av Henrik Ibsen
Ekspressiv Ibsen-variasjon kjem som blanding av stumfilm og musikkvideo.
Per Christian Ellefsen i rolla som Vilhelm Foldal. I bakgrunnen Kai Remlov, som spelar John Gabriel Borkman.
Foto: Erika Hebbert
Nationaltheatret
Henrik Ibsen:
John Gabriel Borkman
Bearbeidd av Lucia Bihler og Hege Randi Tørressen
Regi: Lucia Bihler
Scenograf: Pia Maria Mackert
Musikk og lyd: Jacob Suske
Videodesign: Torbjørn Ljunggren
John Gabriel Borkman er eit av dei både mest vemodige og mest melodramatiske Ibsen-stykka. Det handlar om aldrande menneske som er skuffa over livet sitt, og som prøver desperat å suge næring frå generasjonen under. Dei vil ha trøyst og triumf i støtte frå ungdomen. Slikt er alltid patetisk, og John Gabriel Borkman er såleis eit stykke ein kan både le og gråte av, samstundes.
Nationaltheatret har herja mykje med dette stykket i seinare år. Dei siste oppsetjingane har ikkje spela særleg på det kjenslemessige, iallfall ikkje det sentimentale. Det gjer heller ikkje den versjonen som no har hatt premiere. Han er spektakulær, langt på veg elegant og spanande å sjå på. Likevel er det ikkje heilt lett å skjøne kva framsyninga ynskjer å seie.
Pantomimisk
Når vi kjem inn i salen, er det første vi ser, to storskjermar der vi får lese eit resymé av handlinga i stykket. Så langt skjøner vi, her lyt vi vite på førehand kva stykket handlar om. Det plar elles ikkje vere naudsynt når det gjeld Ibsen. Scenebiletet syner i utgangspunktet ein mørklagd villa med tårn og eit daudt tre framfor.
Skodespelarane agerer i og utanfor huset, og vi får sjå det dei gjer, på storskjermane når dei er innandørs. Snart ser det ut til at heile framsyninga skal spelast pantomimisk, utan ord, med all tekst som stumfilmplakatar på skjermane. Det vert nærast som ein slags moderne ballett bygd på eit Ibsen-stykke, men visuelt og liknande ein gotisk skrekkfilm.
Dei to rivaliserande tvillingsøstrene Gunhild og Ella, spela av Trine Wiggen og Petronella Barker, ser ut som hekser i ein Disney-film, og sonen/nevøen Erhart (Olav Waastad) som ein kombinasjon av Prince og Meat Loaf. Det fysiske uttrykket er så absolutt imponerande og fengslande frå alle dei opptredande, men mange innspel ser ut til å vere meint komiske, og dei vert merkeleg masete, ikkje morosame.
Skifte i uttrykk
Først i siste fase av handlinga går brått det heile over i tilnærma «vanleg» teater med tilnærma realistisk dialog, sjølv om nokre av replikkane går i loop, som hakk i plata. Det er også først her tittelpersonen, John Gabriel Borkman (Kai Remlov), får kome forståeleg til orde. Likevel er det ikkje så mykje som kjem fram av tapt kjærleik og tapte draumar, slik sett kan ein undre seg over kvifor ein har valt dette skiftet i uttrykk. Mykje kan tyde på at det heile hadde verka reinare og djupare om ein hadde ført pantomime- og stumfilmkonseptet heilt til endes.
Skodespelarane skal ha den honnøren dei fortener. Men ikkje til forkleining for nokon, Per Christian Ellefsen som Vilhelm Foldal syner atter ein gong korleis ein god skodespelar kan gjere mykje ut av lite.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.