Fritt etter Shakespeare – på rutine
Ny vri på gammal travar glir ned, men overraskar ikkje.
Ensemblet på scenen i Shakespeare-komedien som tek for seg kvardagsmirakel, feilaktig identitet og dobbeltsyn.
Foto: Erik birkeland / Tingh
Teatret Vårt
William Shakespeare:
Tvillingene (The Comedy of Errors)
Versjonering og regi: Kjetil Bang-Hansen
Scenografi og kostyme: Even Børsum
Regionteateret for Møre og Romsdal, Teatret Vårt i Molde, feirar 50-årsjubileum i haust. Til jubileumsframsyning har dei valt å invitere ein av gründerane, Kjetil Bang-Hansen, til å setje opp den same komedien han fekk opne teateret med i 1972, nemleg Tvillingene av Shakespeare.
Attpåtil er to av skodespelarane frå den gongen, Nils Vogt og Kirsten Hofseth, inviterte som gjester til å spele i sjølvsame komedie ein gong til, om enn ikkje i same roller som då. Det er eit tiltalande repertoarval, og sikkert populært for eit lokalt publikum med godt langtidsminne.
Forvikling og eventyr
Utfordringa med Shakespeares komediedramatikk er at dei fleste stykka er både forviklingsfarsar og poetiske eventyrspel, samstundes. Det er heller sjeldan vi ser framsyningar som meistrar denne balansen fullt ut. Utan å ha sett tolkinga til Bang-Hansen i 1972 skjøner vi likevel fort at dette ikkje er noka faksimileoppsetjing à la The Mousetrap, Agatha Christie-stykket som har gått 71 år i London.
Tvillingene er denne gongen ei effektiv, komprimert teaterhending i vår tids teaterspråk, både tekstleg og musikalsk ein gjennomført svingom mellom det tidlause og det lett gjenkjenneleg dagsaktuelle. Scenebiletet er ein liten dreiescene som syner eit antyda småbylandskap på framsida og nærast eit dokkehusmiljø på baksida. Assosiasjonane går faktisk fort til den standardiserte scenografien på Thorbjørn Egners Kardemomme by.
føreseieleg
Stykket er hovudsakleg tufta på to skodespelarar og deira vitalitet til å spele to personlegdomar, både seg sjølv og sin eigen tvillingbror. Det kan bli moro når det lukkast, og det er i og for seg ingen fare når skodespelarane er Nils Vogt og Kim Haugen.
Når vi likevel ikkje ler så mykje som vi hadde venta, kjem det nok av at komedierutinane verkar heller velbrukte og føreseielege, og publikumsfriande songinnslag som «Stjæl litt fra Shakespeare» er rett og slett, ja, orsak, direkte smisking for galleriet.
Resten av skodespelar-
ensemblet kjem liksom aldri heilt til sin rett, heller ikkje den flotte Kirsten Hofseth, som har glitra i så mange store roller heilt sidan 60-talet. Her er ho mest sett til å sitere lyriske Shakespeare-liner frå heilt andre stykke enn Tvillingene. Det fungerer ikkje fullt ut, og det stadfestar diverre at ein heller ikkje denne gongen har heilt greidd å formidle meisterens kombinasjon av situasjonskomikk og poesi.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Resten av skodespelarensemblet kjem liksom aldri heilt til sin rett.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.