Fyrsten er ei pretensiøs Machiavelli-fabulering som ikkje inkluderer publikum.
Scenerommet på Malersalen er innreidd som eit slags merkeleg drivhus med store og små grøne planter i potter og store badekar.
Foto: Øyvind Eide / Nationaltheatret
Teater
Nationaltheatret,
Malersalen:
Fyrsten – Machiavelli-variasjoner
Av Tore Vagn Lid. Regi, komposisjon og audiovisuelt konsept: Tore Vagn Lid. Scenografi/video: Kyrre Bjørkås.
Om den politiske filosofen Niccolò Machiavelli (1469–1527) er det den dag i dag mykje å verte både fascinert og provosert av. Tankane hans om å erobre og halde på samfunnsmakt har skremt og inspirert politikarar og statsoverhovud i 500 år, og gjer det framleis. Råda og dei såkalla visdomsorda hans er så spissa og kompromisslause at det faktisk er spontant dramatisk sprengstoff i dei, utan at det er naudsynt å veve noka episk handling i tillegg. Dette er det, kan hende, den originale teatermannen Tore Vagn Lid har tenkt, blant mykje anna, når han har vilja lage teater ut frå tekster av Machiavelli-manifestet Fyrsten. Problemet for ein vanleg teatergjengar, eller for ein teatermeldar som tok examen philosophicum for nokså mange år sidan, er at politisk-filosofiske utsegner fort vert svevande uforståeleg i lufta når dei berre vert fantaserte rundt utan noka didaktisk utdjuping. Framsyninga Fyrsten – Machhiavelli-variasjoner vert såleis mest ei nonfigurativ, moderne teaterhending som appellerer konkret til verken kjensle eller intellekt. Nyskapande scenekunst?
Drivhus
Scenerommet på Malersalen er innreidd som eit slags merkeleg drivhus med store og små grøne planter i potter og store badekar. Før stykket for alvor tek til, deler skodespelarane ut sukkererter til publikum; dei hevdar sukkerertene er dyrka fram på Malersalen i prøvetida. Eit spesielt vatningssystem som rislar og går heile tida, vert vi òg gjort merksame på. Etter kvart bruker dei tre skodespelarane – Anders Mordal, Ingjerd Egeberg og Hanne Skille Reitan – ulike Machiaveli-sitat, med god hjelp av videoprojeksjonar og dramatikaren Lids vidareutlegningar, til å utforske leve- og tenkjekåra i det individuelle universet i høve til den store utanomverda. Drivhussymbolikken kjenner vi for så vidt att frå mange samanhangar. Brevduepoenget, som det vert lagt stor vekt på i framsyninga, utan å røpe for mykje, kan vi vel òg framleis ta som teikn på nytt liv. (Stikkord: Noas ark.) Men det vi trudde var hovudsaka her, tankane om korleis ein skal styre eit samfunn utan å verte forstyrra av etikk og kjensler, er vanskeleg å skjøne meir av i dette teaterterrenget.
God musikk
Det mest utbytterike av det opphavsmannen Tore Vagn Lid leverer denne gongen, er faktisk musikken, utøvd av Tomas Nilsson og Marita Kjetland Rabben. Han er både melodiøs, rocka og dramatisk. Kan hende lever vi alle på kvar vår øy, eller om du vil, Lid, i vårt eige drivhus, og åskodarar på ei teaterframsyning kjem med svært ulik livsbagasje. Andre vil moglegvis oppleve heilt andre ting enn denne meldaren gjorde. Men skal Fyrsten – Machiavelli-variasjonar tilrådast i denne avisa, må det vere for musikken åleine.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det vi trudde var hovudsaka her, er vanskeleg å skjøne.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.