I vanskeleg grenseland
Teatret Vårts Ionesco-variant er ujamn, men glimtar brått til.
Scenebiletet er stilisert.
Foto: Arild Moen
Teater
Teatret Vårt
Neshornet
Av Eugéne Ionesco
Omsett av Lisa Thomas Olsen
Regi: Viktor Tjerneld
Scenografi og kostyme: Franziska Zahle
Det er ikkje ofte ein kan sjå to ulike tolkingar av ein teaterklassikar med eit par vekers mellomrom. Men no, like etter Det Norske Teatret, er Teatret Vårt på turné med nettopp Neshornet av Ionesco. Det kan vel hende det generelle nyheitsbiletet om dagen har gjeve stykket ein ny attraksjonsverdi for teaterfolk.
Som vi nyleg har registrert, er det ikkje utan vidare lett å gjere noko nyskapande av noko som alt har vore nyskapande, og Teatret Vårt slit sånn sett litt med det same problemet som Det Norske Teatret, men på litt andre vilkår. Denne gongen er heile originalteksta teken i bruk, sånn omtrent, men den skremmande kontrasten mellom røynd og mareritt forsvinn litt denne gongen òg. Scenebiletet er stilisert med pastellblå trappetrinn og ein glasvegg øvst. Det fungerer som ulike rom, ute som inne, men personane maiar seg stort sett ut som på karneval, og dei fleste mannsrollene vert spelte av kvinner med stygge polyesterparykkar. Den slags går det an å gjere som satirisk effekt, når det er leik med kjønnsroller. Men her ser det ut som ein ikkje har hatt nok mannlege skodespelarar å ta av.
Det overkarikerte og breipensla uttrykket verkar tiltenkt morosamt, men er lenge berre slitsamt. Og først i siste akta, når alvoret strammar seg, godtek vi situasjonane og rollefigurane som dei er. Og derifrå gjer òg skodespelarane inntrykk, sjølv om (nokre av) dei har fått feil kjønn.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Teater
Teatret Vårt
Neshornet
Av Eugéne Ionesco
Omsett av Lisa Thomas Olsen
Regi: Viktor Tjerneld
Scenografi og kostyme: Franziska Zahle
Det er ikkje ofte ein kan sjå to ulike tolkingar av ein teaterklassikar med eit par vekers mellomrom. Men no, like etter Det Norske Teatret, er Teatret Vårt på turné med nettopp Neshornet av Ionesco. Det kan vel hende det generelle nyheitsbiletet om dagen har gjeve stykket ein ny attraksjonsverdi for teaterfolk.
Som vi nyleg har registrert, er det ikkje utan vidare lett å gjere noko nyskapande av noko som alt har vore nyskapande, og Teatret Vårt slit sånn sett litt med det same problemet som Det Norske Teatret, men på litt andre vilkår. Denne gongen er heile originalteksta teken i bruk, sånn omtrent, men den skremmande kontrasten mellom røynd og mareritt forsvinn litt denne gongen òg. Scenebiletet er stilisert med pastellblå trappetrinn og ein glasvegg øvst. Det fungerer som ulike rom, ute som inne, men personane maiar seg stort sett ut som på karneval, og dei fleste mannsrollene vert spelte av kvinner med stygge polyesterparykkar. Den slags går det an å gjere som satirisk effekt, når det er leik med kjønnsroller. Men her ser det ut som ein ikkje har hatt nok mannlege skodespelarar å ta av.
Det overkarikerte og breipensla uttrykket verkar tiltenkt morosamt, men er lenge berre slitsamt. Og først i siste akta, når alvoret strammar seg, godtek vi situasjonane og rollefigurane som dei er. Og derifrå gjer òg skodespelarane inntrykk, sjølv om (nokre av) dei har fått feil kjønn.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.