Ingen veit kvar haren hoppar
God tekst, fint spel i «romantisk» tomannswhist.
Marie Blokhus og Bjørn Floberg spelar to sjeler som finn saman i einsemda.
Foto: Erika Hebbert
Det Norske Teatret
Scene 2
Heisenberg
av Simon Stephens
Omsett av Ola E. Bø
Regi: Erik Ulfsby
Scenografi og kostymedesign: Mia Runningen
Britiske Simon Stephens har i løpet av få år vakse seg til å bli eit av dei store namna i verdsdramatikken av i dag. I intervju har han sjølv hevda at det er handling og ikkje ord som skaper god dramatikk. Stykket Heisenberg, som no har hatt Skandinavia-premiere på Det Norske Teatret, er både ei stadfesting og ei motseiing av denne utsegna. Det buktar seg uføreseieleg fram i handlinga, så vi held oss fast for å fylgje, men det er samstundes djupt forankra i sjølve teksten, dialog og ord, som tradisjonell handlingsberar.
To som møtest
Eit stykke om to som møtest, der det berre handlar om dei, og ingen andre er på scena, krev sjølvsagt ei rik djupn og nyansering frå skodespelarane for at vi skal halde interessa oppe. Marie Blokhus og Bjørn Floberg tek ut potensialet i karakterane i fullt mon: ho pågåande, lettare nevrotisk, vilter, og han tilbakehalden, sårbar og samstundes med ein roleg autoritet. To menneske med stor aldersskilnad finn fram til kvarandre på eit vis vi trur vi skjøner, men som vi kan hende ikkje skjøner likevel. Kva tid snakkar dei sant, og kva tid lyg dei? Kva hensikter har dei med kvarandre – eigentleg?
Korte akter
Stykket er delt inn i ein serie korte akter, med ei handling over nokre veker. Scenerommet er så godt som nake, med eit haustfarga golv og nokre jerngitterstolar som er danderte i ulike variantar, mest som ludobrikker for å markere skifte i tid og stad. Det er ei effektiv og original sceneløysing. I sceneskifta spelar Ståle Sletner flygel i bakgrunnen, eit vakkert og stemningsskapande lydbilete. Elles har Erik Ulfsby i regien gjeve skodespelarane eit reint og tydeleg fokus, utan påtrengjande effektar. Fascinerande er det at ei menneskeleg og erotisk samkjensle kan synast så klårt utan fysiske kjærleiksscener.
Tittelen på stykket spelar på Nobel-prisvinnaren og fysikaren Werner Heisenberg, som manifesterte at elementa i tilværet aldri er føreseielege i kva retning dei tek. Det er denne røynsla dei to einsame menneska i skodespelet Heisenberg òg gjer om seg sjølve. Å vite om det kan vel ikkje åleine berge verda. Men ein får tru det hjelper litt.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fascinerande er det at ei menneskeleg og erotisk samkjensle kan synast så klårt utan fysiske kjærleiksscener.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.