Intelligent og elegant
Revolusjon er eit treffsikkert galskapsteater om vyar og avmakt.
Skodespelarane kastar seg rundt i ei surrealistisk setting. Framme frå venstre: Eindride Eidsvold, Ole Johan Skjelbred, Olav Waastad, og Trine Wiggen.
Foto: Øyvind Eide
TEATER
Nationaltheatret:
Revolusjon
av Christian Lollike
Omsett av Njaal Helge Mjøs
Regi: Christian Lollike
Scenografi og kostyme:
Franciska Zahle
Den danske teatermannen Christian Lollike har i løpet av få år rissa opp nye liner i den moderne scenedramatikken, både nasjonalt og internasjonalt. Per i dag er han Danmarks mest spelte dramatikar. Når han no har laga eit nytt stykke for vårt eige Nationaltheatret, merkar vi frå fyrste augneblinken kor fengande særpreget hans er, sjølv om det er vanskeleg å definere magien. Men han har i alle høve noko mange strevar fåfengd etter å oppnå: originalitet.
Likesæle
Stykket Revolusjon har den menneskelege likesæla i høve til verdsproblema som utgangspunkt. Ikkje minst den menneskelege redsla for å engasjere seg, noko som sjølvsagt vert kamuflert av å gå i flokk med like interesser, lik smak og like meiningar. Stykket har ein liten ellevill prolog der karakterane presenterer seg i sinnssvake kostyme og med overoppheta, manisk kroppsspråk. Men ikkje før er dette unnagjort før vi vert inviterte inn i eit stoveinteriør som ser ut som ei Ikea-avdeling. Her heng prislappar på møblane, og flate Ikea-pakkar ligg i hyllene på veggene. Personane er kledde og friserte i same stilen, og dei pratar og rører seg lenge i utstudert langsam kino. Klisjeane vi kjenner att frå vår eigen kvardag, vert såleis forstørra opp på ein brutal, men boblande komisk måte, og skodespelarane gjev her – på godt dansk – «den hele arm», som det heiter.
Surrealistisk setting
I ein litt ubestemmeleg, surrealistisk setting, der vi ikkje får vite kva forhold desse folka har til kvarandre, kastar dei seg rundt: Trine Wiggen, Ole Johan Skjelbred, Eindride Eidsvold og Olav Waastad, med ein perfeksjonistisk samkøyrd spelestil som samstundes gjev dei rikeleg rom for individuelle særdrag. I ytterkantane ser vi på eine sida Skjelbred som dogmatisk prøver å argumentere for globalt samvit og politisk medvit, på andre sida Eidsvold som er så djupt nede i eit samlivsbrot at ingen ting finst utanfor det. Mellom dei ser vi elleville Waastad og Wiggen som balanserer stemninga ved å reagere på (og mot) dei andre. Men stykket står aldri i fare for å ende i eit vanleg konversasjonsdrama. Her er til og med songlege verfremdungsinnslag i beste Brecht-tradisjon, som faktisk fungerer mykje meir effektivt enn vi har sett det i nyare norske Brecht-framsyningar.
I ei slik teaterform som Lollike representerer, kjem vi ikkje unna det gode (?) gamle spørsmålet: Gjer kunsten nytte? Eller: Kan teater endre verda?
Det er framleis ikkje godt å seie, men at Lollike utfordrar og ruskar i oss, er ikkje til å kome forbi. Nett som små born er midt mellom å le og å grine av redsle når vaksne gjer seg løgne for dei, er det heile tida med ei frysing nedetter ryggen vi ler av Revolusjon på Nationaltheatret. Og den sylskarpe slutten med dei to smågutane (Mikkel Weum og Are Skare-Zachariassen) kjem mot oss som eit hardt klask på lanken.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

At Lollike utfordrar og ruskar i oss, er ikkje til å kome forbi.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.