Julespel for vaksne. Tja.
Faens nisse er ein spretten, men heller føreseieleg julesatire.
Joachim Rafaelsen (Jesus) og Jon Bleiklie Devik (nissen) under prøvane på Det Norske Teatret.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Det Norske
Teatret
Scene 3:
Faens nisse
Av Gunnar Germundson
Omsett av Maria Tryti
Vennerød
Regi: Cathrine Telle
Det er alltid mykje å ta tak i for den som vil seie noko om jula som fenomen og høgtid. Kontrastane mellom den etterlengta, fredelege julehelga og den kommersielle, verdslege stresstida, for mange den verste i heile året, er alt skildra i filmar, TV-seriar og teaterstykke gjennom generasjonar. Det er med nyfiken interesse ein går til ein julesatire på teateret, no like etter kulturdebatten på NRK om Reisen til julestjernen er ein kristen eller ein universell barnekomedie.
Jesus og julenissen
Å bringe sjølvaste Jesus og julenissen inn som handlingsberande rollefigurar i ein julekomedie, er iallfall ein ny variant. I Gunnar Germundsons småfrekke, leikne stykke er det fine spark til samtida, men alt i alt blir det likevel ei litt for føreseieleg og heller fragmentert framsyning.
Stykket plasserer seg i den fiktive tettstaden Bangstad, der ordførar, prest og øvrigheit gjer sitt for å balansere høgtid mot kvardagsliv etter sine eigne, til dels eigennyttige prinsipp, og der det einaste problemet som er større enn julestresset, er eldrebølgja, som breier om seg. Med ein julenisse, ein Jesus og ei jomfru Maria oppi alt dette er det til tider vanskeleg å konsentrere seg om ein samanbindande narrativ tråd, og ein grip seg i å tenke at teaterstykket kan hende kunne tent på å plassere seg i revysjangeren i staden.
Som ein sketsj
Her er velopplagde sprell frå skodespelarar som Joachim Rafelsen (Jesus), Eivind Nilsen Salthe (fjøsnissen Ljos), Jon Bleikli Devik (julenissen Nikko), Sigve Bøe (Gamle Peter) og andre, men ein kan ikkje anna enn tenkje at dette er stoff ein kunne gjort mykje meir ut av, både til moro og ettertanke.
At jula er vorten eit kommersielt sirkus, har vi visst lenge. Hadde forfattaren våga seg frampå med eit skarpare standpunkt, kunne Faens nisse vore ein potensiell ny klassikar. No er det meir som ein timelang sketsj, lett sett, men fort gløymt.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hadde forfattaren våga seg frampå med eit skarpare standpunkt, kunne Faens nisse vore ein potensiell ny klassikar.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.