Kor absurd var det absurde teateret?
Omkring det absurde er ein fascinerande og utdjupande antologi over absurdismedramatikken.
I 1950 vart det absurde teateret lansert i Noreg med «Hushjelpene» av Jean Genet på Det Nye Teater. Frå venstre: Wenche Foss, Gunvor Hall og Marit Halset.
Foto: Sturlason AS Polyfoto
Sakprosa
Anouilh/Genet/Ionesco/Beckett/Adamov/Tardieu/Dubillard/Arrabal:
Omkring det absurde. Franske enaktere og sketsjer 1945–1965.
Utval, omsetjing og etterord ved Kjell Helgheim
Solum / Bokvennen
Sjangeren «det absurde teateret» var for førre teatergenerasjon den store opprøraren i europeisk kulturliv. I relieff mot det såkalla normale teateret, med «normal» handling og «normale» dialogar, vart denne dramatikken prega av at alle realistiske og klassiske element som kunne identifiserast, vart bytta ut mot sjølvmotseiande gjerningar og replikkar. Klassiske intrigar vart gjerne erstatta av paralysert handlingsløyse, og psykologisk funderte rollekarakterar vart fortrengde av gåtefulle, introverte figurar, ofte ramma inn i rituelle og tvangsmessige tale- og handlingsmønster.
Fransk teater
Professor Kjell Helgheim, som har omsett og valt ut eit knippe stykke frå denne teaterepoken, poengterer i etterordet det påfallande at mest alt vesentleg innafor absurdismedramatikken oppstod i fransk teater, og i særleg høg grad hos dramatikarar som ikkje var franskfødde. Nett det tillærte franske språket kan da ha vore ei drivfjør mot eit nytt teateruttrykk. For nett språk, kommunikasjon og ikkje minst mangelen på kommunikasjon syner seg å vere eit sentralt element i absurdismestykka, også i dei som er tekne med i Omkring det absurde.
Dei mest kjente absurddramatikarane i Noreg er nok Samuel Beckett og Eugene Ionesco. Dei er båe representerte i antologien, men ikkje med dei mest spelte stykka. Av Beckett er det Vente på Godot og av Ionesco er det nok Den skallete sangerinnen vi kjenner best frå scena. Når Helgheim har valt andre tekster av dei, er det nok nett av di han vender seg mot eit lesande publikum. Han understrekar at tekster skrivne for teater oftast gjennomgår ganske omfattande tilretteleggingar på vegen mot framsyning, og at han difor har vendt tilbake til originaltekstane for å gi omsetjingar som ligg så nære opp mot forfattarane sine verk som mogleg. Slik sett kan vi nok rekne med at dette tekstmaterialet ikkje nødvendigvis er retta mot teateroppsetjingar.
Utskjelt TV-teater
Boka opnar med ein einaktar av Jean Anouilh. Han er i utgangspunktet ein heilt tradisjonell dramatikar, og stykket Orkesteret er òg ein heilt konkret liten tragikomedie med lett forståelege situasjonar og karakterar. Men Anouilh hadde ein lang karriere og vart openbert inspirert av svingingar i den nyare teaterhistoria. Orkesteret er ikkje typisk absurd, men har klåre absurdistiske undertoner.
Av dei andre stykka i boka er det Hushjelpene av Jean Genet og Piknik i det grønne av Fernando Arrabal som nok er mest kjende for nordmenn. Båe vart presenterte, og til dels utskjelte, via TV-teateret i 60-åra. Hushjelpene har vorte opplevd som uforståeleg, men her kan ein merke at sjølve spelet i spelet, dette at personane i stykket speler roller for kvarandre, faktisk kan vere lettare å skjøne ved lesing, og dermed òg gjere handlinga under dei rituelt styrte replikkane meir logisk. Piknik i det grønne, som på overflata viser menneske med totalt irrasjonell åtferd, kan òg verke sterkare ved lesing, med den pasifistiske appellen og peikefingeren mot global likesæle.
Her er òg tekster som varierer frå mørkt kafkaske skremmebilete til nærast revyaktige sketsjar, og av dei som aldri før har kome på norsk, vart Arthur Adamovs Professor Taranne ein favoritt for denne meldaren: ei typisk absurd sak om individets kamp mot den uforståande omverda, men heile tida gjort med skøyarglimtet i auget.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mangelen på kommunikasjon syner seg å vere eit sentralt element i absurdismestykka.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.