Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Krigsherja Lindgren-klassikar

Eventyrmystikken svinn fort når eventyr skal bli notidsrealisme.

Ronja og Birk vert spelte av Thea Lambrechts Vaulen og Peiman Azizpour.

Foto: Erika Hebbert og Siren Høyland Sæter

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1731
20230324
1731
20230324

Det Norske Teatret

Astrid Lindgren:

Ronja Røvardotter

Dramatisert av Annina Enckell
Omsett av Marit Tusvik
Musikk: Björn Isfält
Regi: Catrine Telle
Scenografi: Tore Sæther
Koreografi: Oleg Glushkov
Kostymedesign: Anette Werenskiold

Den siste store barneboksuksessen til Astrid Lindgren var ein lun og fengslande leik med gamal nordisk folketru, på borns premissar. Røvarar, vette og underjordiske er fenomen frå folkeeventyra, og der er dei naturleg heime.

Historia i Ronja Røvardotter er om konflikten mellom to røvarfamiliar, ein konflikt som vert spissa ved at dottera i den eine og sonen i den andre røvarfamilien vert uskiljelege vener. Då ventar det flukt ut i den farlege skogen og mange farlege samanstøytar, ikkje så ulikt det som skjer i Shakespeares Romeo og Julie og Leiken i skogen (As You Like It).

Det Norske Teatret har sett mykje gode krefter inn i ei effektfull og musikalsk velklingande oppsetjing, men grepet med å plassere handlinga i eit krigsherja område, med traumatiserte born i staden for småvette, vert litt for insisterande aktuelt. Her skal ein snakke om TV og chips og bilar mellom primitive menneske som bur i ei steinborg.

Vi tviler på at den yngre garden av teatergjengarar kjøper dette. Det kostar elles å seie det, men filmklassikaren skuggar litt for opplevinga når barne­hovudrollene blir spelte av vaksne, trass i fint oppfatta tolkingar av Thea Lambrechts Vaulen (Ronja) og Peiman Azizpour (Birk). Heller ikkje tykkjer vi ein bør få høyre «dra til helvete» gjentekne gonger i eit barnestykke. Men vi er kan hende pripne.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis