Kroppar og ord, men innhald?
Det nonfigurative stykket fortel ikkje det vaskesetelen lovar.
Trongen til å bli sett som individ, kan gå over i vondskap.
Foto: Dag Jenssen
Det norske teatret
Scene 3:
Herostratos
eit scenisk partitur av Janne-Camilla Lyster
Regissør og komponist: Øyvind Osmo Eriksen
Dramaturg: Carl-Morten Amundsen
Stykket Herostratos skal handle om den menneskelege trongen til å bli sett som individ, og at denne trongen kan gå over i vondskap. Slik som legenda seier Herostratos gjorde det, da han sette fyr på Artemistemplet og gjorde ein udåd berre for å bli kjend. Det gjeld her òg drifta mot å bli monster, av redsle for ikkje sjølv å bli eten opp av monsteret. Problemstillingane er interessante, men det er vanskeleg å finne dei att i denne framsyninga.
Janne-Camilla Lyster er dansar, koreograf og forfattar. Det mest slåande med Herostratos er at det nett er danseteater dette fortonar seg som, og slett ikkje skodespel. Vi ser eit spenstig og fantasifullt kroppsspråk i ein svært metamorfosisk scenografi av plast og bølgjepapp. Her er absolutt augneblinkar av vill energi. Men vi sit jo og ventar på at noko konkret skal forteljast til oss. Når det da berre blir lausrivne replikkar mellom skodespelarar som ikkje kommuniserer med korkje oss eller kvarandre, er det ikkje lett å få noko vettug ut av det. Var det verkeleg dette som var meininga?
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det norske teatret
Scene 3:
Herostratos
eit scenisk partitur av Janne-Camilla Lyster
Regissør og komponist: Øyvind Osmo Eriksen
Dramaturg: Carl-Morten Amundsen
Stykket Herostratos skal handle om den menneskelege trongen til å bli sett som individ, og at denne trongen kan gå over i vondskap. Slik som legenda seier Herostratos gjorde det, da han sette fyr på Artemistemplet og gjorde ein udåd berre for å bli kjend. Det gjeld her òg drifta mot å bli monster, av redsle for ikkje sjølv å bli eten opp av monsteret. Problemstillingane er interessante, men det er vanskeleg å finne dei att i denne framsyninga.
Janne-Camilla Lyster er dansar, koreograf og forfattar. Det mest slåande med Herostratos er at det nett er danseteater dette fortonar seg som, og slett ikkje skodespel. Vi ser eit spenstig og fantasifullt kroppsspråk i ein svært metamorfosisk scenografi av plast og bølgjepapp. Her er absolutt augneblinkar av vill energi. Men vi sit jo og ventar på at noko konkret skal forteljast til oss. Når det da berre blir lausrivne replikkar mellom skodespelarar som ikkje kommuniserer med korkje oss eller kvarandre, er det ikkje lett å få noko vettug ut av det. Var det verkeleg dette som var meininga?
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.