Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Kvar er Storebror?

Sceneversjonen av Orwell-klassikaren er effektfull, men dramatisk utydeleg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sigurd Myrhre (fremst) som Winston og Håkon Ramstad som O’Brien i den klassiske framtidsvisjonen på Torshovteatret.

Foto: Erika Hebbert

2566
20171117
2566
20171117

Nationaltheatret/Torshovteatret:

1984

av George Orwell
Dramatisert av Robert Icke og Duncan MacMillan
Regi: Kristian Kjeldsberg
Scenografi og kostymedesign: Dagny Drage Kleiva
Komponist og lyddesign:
Andreas Catjar

George Orwells skilsetjande framtidsroman 1984 frå 1948 (tittelen var ein anagramleik med siffera frå utgivnadsåret) har aldri bleikna i aktualitet. Kan hende var boka den viktigaste av alle i det tjuande hundreåret. Kontrollstaten, som skal overvake tankar og kjensler og fjerne minnet til enkeltindividet, har mange gonger pusta oss i nakken. Kor nære har vi vore, og kor nære er vi, eit totalitærregime?

Eit utval

Utan å ha sett den amerikanske uroppsetjinga av denne dramatiseringa er det ikkje godt å vite kor mykje Torshovteatret har arbeidd vidare med teksten, men å ta ein roman til scenen fordrar alltid at ein gjer eit utval. Alt kan sjølvsagt ikkje kome med, og i nokre tilfelle må detaljar diktast til. I dette tilfellet, der eit tenkt framtidssamfunn vert skildra, med andre samfunnsnormer, andre levemåtar og omgangsformer, lyt ein mest ha eit konkret sceneunivers og ein om lag «vanleg» forteljestil for å nå fram. Framsyninga på Torshovteatret har mange kraftfulle enkeltscener og mykje skarpt gjennomført skodespel, ikkje minst av Sigurd Myhre i hovudrolla som den opprørske og lagnadsdømte Winston. Men dramaturgisk verkar det i lange periodar som lause fragment, eller, om ein vil, som ein to timars trailer, der vi rett nok vert nyfikne og engasjerte, men samstundes frustrerte over å ikkje få heilskap i historia. Scenerommet er ein platting framfor ein bakvegg med luker som i ein julekalender, berre utan teikningane av reinsdyr og nissar.

Ubehageleg

Mange av sekvensane er nifse og ubehagelege og gjennomførte med stor profesjonell finesse, men ein grip seg likevel i å tenkje at det grufulle ofte verkar sterkare når det vert fortalt enn når det vert spelt ut. Sjølvsagt er det fælt å sjå på at skodespelaren Sigurd Myhre må henge med beina opp og hovudet ned i ti minutt og pinast, faktisk på grensa til det scenisk uetiske. Men typisk nok er det enda verre når skodespelaren Håkon Ramstad fortel om rotter som kan ete opp andletshuda på eit menneske i løpet av få minutt. Med det åleine skulle vel både styrken og veikskapen i framsyninga 1984 vere oppsummert.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Mange av sekvensane er nifse og ubehagelege, og gjennomførte med stor profesjonell finesse.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis