Kvifor sløyfe miljø og status i eit stykke om vaklande overklasse?
Frå venstre: Per Tofte, Hanne Skille Reitan, Gisken Armand, Heidi Goldmann, Bjørn Floberg og Emil Johnsen.
Foto: Øyvind Eide / Nationaltheatret
TEATER
Nationaltheatret:
Kirsebærhagen
av Anton Tsjekhov
Omsett av Kjell Helgheim
Regi: Hanne Tømta
Scenografi og kostyme: Nora Furuholmen
Det ser ut til å vere ei ustoppeleg utfordring, og somme tider ei hovudpine, for teatra å stendig gi nytt liv til klassikarane. Når ein klassikar framleis verkar aktuell, er det sjølvsagt av di han peikar ut over si eiga samtid. Eit slikt teaterstykke, som til dømes Tsjekhovs Kirsebærhagen, har difor både ein tidsbestemt konkret intrige og ein tidlaus tematikk. Den ytre handlinga går føre seg på ein stad langt borte og i ei tid for lenge sidan. Den indre handlinga går føre seg kvar og når som helst, gjerne her, no. Men korleis få båe dimensjonane fram på scena i dag?
Går fallitt
Kirsebærhagen handlar om ein godseigarfamilie som går fallitt av di dei sosiale tilhøva i Russland har endra seg. Bønder og arbeidarar er vortne sjølvstendige og boklærde, og herskap-og-tenar-hierarkiet står snart for fall. Revolusjonen vinkar i den nære framtida. Tsjekhov insisterte i si tid på at stykket var ein komedie, det skulle gjere narr av den sløve overklassa, som ikkje ville sjå den nye tida i augo. Humoren hos Tsjekhov er elles så smålåten og finurleg at ein lyt fare varleg for å formidle og oppfatte han. Det vert aldri rein komedie, men aldri rein tragedie heller.
Utydeleg
Hanne Tømtas nye oppsetjing på Bakscenen har ei gjennomført og stram form, det er ein felles energi i ensemblet som heile tida heng saman. Ho har eit framifrå lag av skodespelarar, som kan gjere mykje mest berre ved å vere til stades. Alle leverer bra. Likevel er det sjeldan vi vert rørte eller engasjerte. Og til det er det minst to årsaker: Å la eit tids- og miljøbunde skodespel gå føre seg i eit kvitt, mest nake scenerom, der personane alle går i notidige kostyme utan indikasjonar på sosial status, og der alle snakkar og fører seg med same sjølvsikre holdning, gjer faktisk framsyninga utydeleg og fundamentlaus. Vi kan ikkje ta inn dei mellommenneskelege mekanismane og situasjonane dei er i, når dei alle er like.
Det andre problemet er redsla for føleriet. Stykket har mange kjensleladde utblåsingar både i monologar og dialogar. Dei fleste av desse vert krympa ned og ironisert bort, berre få gonger kanalisert ut i brå, spastiske hopp og skrik. Her er det personar som sørgjer over bortkasta liv og lid av fåfengt forelsking. Å la framsyninga distansere seg frå dette, verkar berre pretensiøst og arrogant.
Omsetjing
Dette med å demokratisere vekk statusskilnadene gjorde Hanne Tømte i førre Tsjekhov-oppsetjinga si òg, den elles så kritikarroste Tre søstre. Men der lét ho i det minste kjenslene få falde seg ut. Det skulle ho gjort denne gongen òg.
Ein siste ting: Dei siste tretti åra har Kjell Helgheims omsetjingar vorte einerådande på norske Tsjekhov-oppsetjingar, truleg av di dei er direkte omsette frå russisk, og det har ikkje Tsjekhov alltid vore. Men skal tru om dei ikkje er mogne for ei revurdering? Ein ung mann som snakkar norsk, vil neppe kalle jenta si for «min vesle sylteagurk». Omsetjingar kan somme tider bli for direkte.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Alle leverer bra. Likevel er det sjeldan vi vert rørte eller engasjerte.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.