Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Kvinne er kvinne verst

på Centralteatret

Flott kvinnedrama, strålande spel, men i ein tidvis uklår regi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Cathrine (Ingvild Holthe Bygdnes) og Hanna (Ine Marie Willmann) har ikkje sett kvarandre sidan ungdomsskulen i dette klassiske hemndramaet.

Foto: Gisle Bjørneby

3651
20171215
3651
20171215

Oslo Nye

Centralteatret

Vepsen

av Morgan Lloyd Malcolm
Omsett av Ingvill Skjold Thorkildsen
Regi: Maren E. Bjørseth og Espen Klouman Høiner
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt

Det er ingen tvil om at skodespelet Vepsen av den unge britiske dramatikaren Morgan Lloyd Malcolm er noko av det mest engasjerande som går på Oslo-scenene denne hausten. Det er eit minimalistisk stykke, ein halvannan times samtale mellom to unge kvinner, men så finurleg oppbygd i forteljinga, at vi heile tida held pusten i påvente av neste overrasking – og neste omvending i handlingsgangen.

Fengslande

To kvinner som har stått kvarandre nær i unge år, møtest att for første gong på svært lenge. Vi skjøner snart at det er ein gamal konflikt som skal gjerast opp, men det er meir enn berre det. Her er det gamal blanding av beundring og misunning som har gjeve seg ekle utslag i ungdomen, og som på eit eller anna vis skal revansjerast. Stykket ligg så pass på kanten av det usannsynlege at vi mest kan tenkje oss det er ein kombinasjon av røynd og mareritt, noko den nonfigurative scenografien, eit digert svart slør som buktar seg over ein liten dreiescene, stadfester. Men dialogen og spelestilen er heile tida, iallfall fram til sluttscena, realistisk og jordnær.

Det er uråd å ikkje verte fengsla av dei to. Ingvild Holthe Bygdnes som den tøffe, men sosialt mislukka Cathrine, gravid med sitt fjerde barn i eit kollapsa ekteskap, og Ine Marie Willmann som den tilsynelatande meir borgarleg-vellukka Hanna, barnlaus, men velståande. Etter kvart som dei grev i felles barndomsminne og deretter viklar seg inn i eit nytt dunkelt samspel som vaksne, skifter statustilhøvet mellom dei heile tida, og vi som publikum må dermed skifte på kven vi skal sympatisere med. Det er oppsiktsvekkjande at dei to skodespelarane, i ei så pass halvgalen ramme, kan halde oss fastspente heile tida og tru på dei sjølv i dei mest ekstreme utviklingstrinna i historia.

Forvirrande

For det som diverre òg må seiast, er: Regissørane Maren E. Bjørseth og Espen Klouman Høiner har tydelegvis ikkje tykt at historia i seg sjølv var nok. Her har ein ønskt å leggje eit metanivå over framsyninga for å understreke at dette er teater og ikkje film eller TV. I dette ligg det til dømes at teatersalen i det gamle Centralteatret stundevis vert opplyst, og at dei to kvinnene i siste fase av stykket kler seg om i barokke krinoline- og pudderparykk-kostyme. Dette er nok gjort mest for å danne ei bru mellom det kontemporære stykket og atmosfæren i Oslos eldste teatersalong. Det er likevel vanskeleg, og eigentleg berre forvirrande, for oss åskodarar å få det tilpassa den elles så sterke sluttsekvensen i skodespelet. Endå vanskelegare er det å godkjenne starteffekten, der Ingvild Holthe Bygdnes tek på seg ein silikonprotese under genseren for å agere høggravid. Da trur vi sjølvsagt at det er ein nøkkel til handlinga, historia om ei kvinne som vil late som ho er gravid. Men så byrjar stykket og held fram, og karakteren Cathrine er faktisk gravid.

Det er i utgangspunktet ein god idé å ville få publikum til å stusse og undre seg, men ein treng ikkje gjere det i eit stykke som har så mange løyndomar og overraskingar i seg sjølv. Alt i alt er dette ei framsyning som kunne vore endå enklare og klårare i uttrykket, men som står stolt oppreist grunna spennande tekst og storarta speleinnsats.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er oppsiktsvekkjande at dei to skodespelarane, i ei så pass halvgalen ramme, kan halde oss fastspente heile tida.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis