Leik eller kjærleik?
Den lyriske romantikken kjempar for livet i eit burlesk show.
Eindride Eidsvold og Bertine Zetlitz.
Foto: Marte Garmann
TEATER
Nationaltheatret:
Som dere vil
(As you like it)
av William Shakespeare
Gjendikta av Øyvind Bergh
Regi: Sigrid Strøm Reibo
Scenografi og kostyme: Katrin Nottrodt
Det er ikkje utan vidare lett å vite korleis ein skal takle komediane til Shakespeare. I vår tid har vi vel vant oss til at komedie skal vere rein moro. OK, det kan gjerne vere satirisk og med brodd, men det bør ikkje svinge over i det alvorlege og lågmælte. Då vert vi sjangerforvirra.
I Shakespeares komediar er det rom for mange ablegøyer, men dei vert gjerne spelte ut mot ein konfliktfylt bakgrunn, der uskuldige menneske vert drivne på flukt, der unge elskande må kjempe hardt og kløktig for å få kvarandre, og, ikkje minst, der somme går einsame og tapande ut av spelet. På Nationaltheatret spelar dei no Som dere vil med ein norsk tittel tett opp til originaltittelen. Det gjev ei aning om ein ynskjer å gje publikum det dei vil ha. Og framsyninga er nokså gjennomskodeleg publikumsfriande. Men Shakespeare meinte nok noko anna med tittelen. Det var vel heller meininga å seie: Dette stykket kan du setje namn på sjølv; kall det kva du vil. Med andre ord er dette eit stykke som kan opplevast ulikt av kvar og ein. På Nationaltheatret er stykket heller eintydig.
For mange klovnar
For all del, det er mykje sjarmerande energi i denne klassikartappinga, og den mangfaldige julekalenderscenografien, der luke etter luke opnar seg, kilar dei forvitne forventningane våre, mest som den reelle julekalenderen ein gong gjorde. Lat gå at Shakespeares ord vert krydra med til dels billege standupvitsar frå vår eiga tid. Meisteren hadde neppe snudd seg i grava over det. Men det fyrste ein må tenkje når ein ser det heile under eitt, er: Komedie vil ikkje seie at alle, absolutt alle på scena, skal vere klovnar. I fyrste delen av stykket, der konfliktane skal rissast opp, og dei unge skal møtast og forelske seg, er det faktisk – viss vi skal interessere oss – naudsynt med litt poetisk pusterom og ærleg direkte kommunikasjon. Når dei som skal forelske seg berre tullar og tøysar, og personane rundt dei gjer det same, vert det faktisk keisamt i staden for morosamt.
Flat farse
Det er underleg, men kan hende typisk, at det er først ute i skogen, når vi møter den forviste hertugen (Finn Schau) og fylgjesveinen hans (Øystein Røger), at vi endeleg kjenner godlåten kome. Her trengst det ingen reservetekst, og skodespelarane treng ikkje slite for å vere morosame. Når det gjeld hovudpersonane Rosalind og Orlando, derimot, er det forsvinnande lite att av romantiske kjensler hjå Kjersti Tveterås og Jonas Strand Gravli. Vi ser dei er dyktige gjøglarar, og Tveterås er artig når ho er utkledd som gut, det skal absolutt seiast, men eg er overtydd om både ho og han kunne fått meir ut av rollene om dei hadde fått lov. Mariann Hole på si side får overraskande mykje ut av rolla som kusina Celia, ein figur som oftast vert spelt nokså bleikt. Dei andre forelska menneska i skogen, Mattis Herman Nyquist, Olav Waastad og Ågot Sendstad, er overlatne til å spele flat farse. Det er skuffande, for vi som har sett dei før, veit dei kan meir.
Dei songlege og musikalske innslaga med Bertine Zetlitz som Hymen er vakre og fengande. Kan hende er det først og fremst ho som kan halde denne framsyninga i balansespennet mellom humor og poesi.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar for Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Komedie vil ikkje seie at alle, absolutt alle på scena, skal vere klovnar.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen