Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Livfull, men litt glatt hippieretur

Hair kviler enno på herlege songar, men ikkje så mykje meir.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: L-P Lorentzen / Oslo Nye Teater

Foto: L-P Lorentzen / Oslo Nye Teater

2999
20180209
2999
20180209

Oslo Nye Teater

Galt MacDermot, Gerome Ragni, James Rado:

Hair

Omsett av Håvard Rem. Regi: Lisa Kent. Koreografi: Rebekka Lund
Scenografi og kostyme: Terry Parsons. Musikalsk leiing:
Simon Revholt

Det er ein vanskeleg og stundom farleg ting å hente fram klassikarar som ein gong var banebrytande. Dei klassikarane som held seg best, er sjølvsagt dei som sjølv i samtida peika ut over samtida si. Gjorde den legendariske 60-talsmusikalen Hair det? Både ja og nei. Bodskapen om kjærleik i staden for krig og fridom til individualisme i staden for uniformering, jau, sjølvsagt. Men stykket bringa i si tid sex og dop og rock & roll inn i dei velurkledde teatersalongane. Det endelege uttrykket var ein skikkeleg brannfakkel. I dag er vi heller avstumpa når det gjeld slike tabu, og resultatet kan fort bli, som det eigentleg no blir på Oslo Nye, meir ein nusseleg nostalgitripp.

Den britiske regissøren Lisa Kent er ein grundig, røynd musikaloperatør, og ho har forståeleg nok lagt oppsetjinga nærast mogleg opp til den opphavlege versjonen, ein musikal med ein eigentleg syltynn raud tråd, der framdrifta er meir avslutta revynummer enn ei jamt samanhengande handling. Dei av oss som hugsar filmversjonen frå 1979, kan nok sakne litt meir substansiell handling, for filmen var sånn sett heilt annleis. Det finaste med regien til Lisa Kent er at ho kombinerer den energiske musikalelegansen – som sjølvsagt òg koreografen Rebekka Lund er ansvarleg for – med ei overtydande tilbakelent livskjensle, slik dei langhåra blomsterborna står fram for oss.

Det er langt på veg nett slik vi alltid har sett dei for oss. Scenebiletet, fargerikt og sleivete, stadfester det same. Ensemblet er velopplagt, og vi gler oss særleg over Eldar Skar, Petter Vermeli, Henriette Faye-Schøll og mange andre, som Josefine Frida Pettersen når ho syng hjartevarmande «Frank Mills», og Solveig Andsnes med «God morgen, stjerne». Omsetjaren skal òg ha sin del av æra for at songane kjem ut like sterkt som før.

Men dette gjennomprofesjonelle, det ned til minste detalj riktige, som er den fremste dygda til framsyninga, blir paradoksalt nok samstundes den største lasta. Trass i at antikrigs- og kjærleiksbodskapen stendig er like aktuell, får ikkje denne musikalen det store kjensletrykket som han ein gong har hatt. Sjølv om musikalen vert spelt aldri så ærleg og overstrøymande, kjem ein ikkje unna eimen av det daterte. Problemet er at Hair enno prøver å utfordre, utan å klare det. På noregspremieren på Den Nationale Scene i 1970 var det nok mest nakenscena som sjokkerte. I våre dagar har vi sett det òg før, både her og der. Vi vert ikkje sjokkerte. Men musikken lever, det er det ingen tvil om.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Bent Kvalvik og Håvard Rem skriv begge i Dag og Tid, men dei
kjenner ikkje kvarandre.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Problemet er at Hair enno prøver å utfordre, utan å klare det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis