Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Magisk sprudlande

Musikalen om vekkingsrørsla er utmerkt på norsk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein mormon (Kristoffer Olsen) i Afrika.

Ein mormon (Kristoffer Olsen) i Afrika.

Foto: Fredrik Arff

Ein mormon (Kristoffer Olsen) i Afrika.

Ein mormon (Kristoffer Olsen) i Afrika.

Foto: Fredrik Arff

2621
20170908
2621
20170908

musikal

Det Norske Teatret

The book of mormon

Av Trey Parker, Robert Lopez og Matt Stone
Omsett av Are Kalvø
Regi: Vidar Magnussen
Scenografi: Gjermund
Andresen
Musikkansvarleg: Lars Bleiklie Devik
Koreografi: Johan Osuldsen

Sidan musikalen The Book of Mormon hadde urpremiere på Broadway i 2011, har han vore ein obligatorisk turistattraksjon både i New York og London og andre stader. Så lenge ein berre har høyrt tittelen, og berre lausleg snappa opp kva det dreier seg om, undrar ein seg kan hende litt over at dette kan vere noko som treffer utanfor USA. Men det har det gjort, og etter den norske premieren førre helg er det berre å konstatere: Book of mormon treffer her òg. Og det så det susar.

morosamt og rørande

Kva er det som gjer at vi både ler og blir rørte av ei historie om unge mormonarar som dreg på misjonsoppdrag til Uganda? For det første er berre ideen med smilande, strigla unge menn med bønebok i hand eit ultraoriginalt musikalkonsept i seg sjølv. Vi kan ikkje anna enn bli fanga, så strålande flotte og vittige som dei er på Det Norske Teatret, i uforlikelege song- og dansenummer. Mest med éin gong konstaterer vi at dette korkje er misjonerande eller religionsforaktande teater. Det er – med ein gøyal hoftevrikk – ei historie som fortel at tru kan både hjelpe og villeie menneska, og kan hende at det er viktig å kjenne seg sjølv før ein går ut for å endre og berge verda.

Persongalleriet i musikalen er delt mellom dei glatte, kvite mormonarane og urfolka i Uganda, og dualismen i dette gjev både det musikalske og det menneskelege elementet ein rikdom og djupn vi sjeldan elles ser og høyrer i musikalar. Dette blir stadfesta av ensemblet, som med hjarte, kropp og songrøyster gjev oss det eine høgdepunktet etter det andre, sjølvsagt med fundament i melodiane, og dei gode tekstane, til tider utruleg godt omsett av Are Kalvø.

I gode hender

Dei to frontfigurane som har fått Uganda-oppdraget, kunne neppe vore i betre hender enn hjå Frank Kjosås og den for meg nye, fantastiske Kristoffer Olsen. Det same gjeld Preben Hodneland som den nestkommanderande mormonsoldaten, Anette Amelie Hoff Larsen som den fyrstedøypte innfødde og mange andre. Den fikst kyrkjelege scenografien, den overveldande elegante koreografien, kostyme og lys går inn i ein einskap så ein kunne bli religiøs – ja, mormon – av mindre. 

Det er all grunn til å vente langvarig suksess for Book of mormon på Det Norske Teatret, og mange lukkelege kveldar på båe sider av rampen.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis