Mindre kunne vorte meir
Forsøk på episk samtidsskildring blir fragmentarisk performance.
Preben Hodneland og Emil Johnsen spelar i stykket.
Foto: Gisle Bjørneby
Det Norske Teatret
Scene 2
Valdens historie
av Édouard Louis
Omsett til norsk av Egil Halmøy, til nynorsk ved Carl Morten Amundsen
Dramatisert av Kjersti Horn og ensemblet
Regi: Kjersti Horn
Scenografi og kostymedesign: Sven Haraldsson
Før denne teatermeldaren vurderer det han har sett denne gongen, er det naudsynt å tilstå at romanen stykket bygger på, ikkje er lesen på førehand. Det angrar eg litt på no, for i ambivalensen ein kan kjenne på overfor ein tekst som rykkvis verkar suggererande og sterk, men andre gonger heilt fundamentlaus, kunne det vore fint å sjølv vurdere den dramatiske tilrettelegginga. Det er ikkje fullt mogleg no, sjølv om vi sjølvsagt merkar at dette ikkje er tradisjonelt teater i tre akter, og at skodespelarane er mest som forteljarar, meir enn som etablerte roller. Formutforskinga er sjølvsagt ein viktig del av all scenekunst, men det har hendt før, og det hender no: Formleiken truar med å fortrengje innhaldet.
Spanande unge
Vi ser to unge menn på ein stor, naken scene, på eit plastgolv. Nokre bøtter med vatn og søle er plassert her og der, og dei blir tømde og grisa med på ulike vis gjennom den to timar lange framsyninga. I vekselvis monologar og dialogar får vi ei aning av ei historie om unge kjensler, generasjonsoppbrot, klassereise, valne kjærleikstilnærmingar, valdtekt og drapsforsøk. Dei to skodespelarane, Emil Johnsen og Preben Hodneland, gyv på med alt dei har. Dei spelar både seg sjølv og kvarandre, bokstaveleg tala, og dei spelar passerande bipersonar, dei går inn og ut av karakterar og situasjonar. Det vantar ikkje på dramatisk kraft og uttrykksfylde; det er heller ingen tvil om det er to av dei mest spennande unge i norsk teater vi her har med å gjere.
Uhandterleg bastard
Men det blir faktisk for mykje av det gode – eller det vonde, om ein vil. Hadde dei to fått høve til å vere to faste karakterar, tyder mykje på at vi kunne vorte gripne, og at vi kunne ha både ledd og gråte med dei. Det gjer vi ikkje no. Anslaga til tørrvittige replikkar fell nokså daude til jorda, og uttrykka for smerte, vonbrot og angst etterlèt oss kalde. Blandinga av slentrande forteljarteater og nattsvart drama endar som ein heller uhandterleg bastard. Det skin berre så altfor klårt gjennom at dette er ein tekst som ikkje lèt seg transponere til teater utan vidare. Iallfall ikkje slik.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Men det blir faktisk for mykje av det gode – eller det vonde, om ein vil.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.