Munter svingom med bondekomedie og eventyr
Skodespelarane plukka opp gamle travarar under open himmel.
Hanna-Maria Grønneberg, Sindre Strand Offerdal og Per Bogstad Gulliksen i det kjende eventyret om Tornerose.
Foto: Øyvind Eide
Nationaltheatret
Hulda Garborg:
Rasjonelt fjøsstell
Zacharias Topelius/ Hans Wiers-Jenssen
Tornerose
Prosjekt National UT
Nationaltheatret har no på forsumaren, og under dei rare tilhøva teateret har for tida, funne høve til å sjå med notidsbriller på eit par stykke som for bra lenge sidan var gjengangarar på norsk scene. Det fyrste, Hulda Garborgs Rationelt fjøsstell, skal visst vere det mest spelte norske skodespelet nokosinne. Helst er det nok ungdomslaga som har blåse opp spelefrekvensen. Likevel, utgjeve i bokform i 1896 fekk stykket den første «proffe» framføringa si på Christiania Theater vinteren 1897.
Einaktar
Og dramatikaren Hulda Garborg skal ein ikkje kimse av. Inga anna norsk kvinne har skrive og fått framført så mange skodespel som ho. Rationelt fjøsstell var neppe det beste av dei, men at det i si tid gjorde lukke, er sjølvsagt grunn god nok til å kaste eit nytt blikk på det.
Ein liten einaktar, nærast ei skisse, er dette stykket, med tydelege peikarar til Molière og Holbergs komediar, der det komiske botnar i konflikten mellom jordnær gamalklokskap hjå foreldre og skuleflink opposisjon i generasjonen under.
Nationaltheaterskode-spelarane, som no har spela stykket i borggarden på Bogstad gard, har kvikt og leikent understreka det opphavlege poenget. Men framsyninga deira er òg distansert, det vil seie ironisk også til sjølve stykket. Opplegget er provisorisk, med vagt antydande rekvisita og kostyme, og alle går med manus. Scenetilvisingane vert lesne høgt, og det kjem jamleg avsidesreplikkar der skodespelarane kommenterer teksten og kvarandre, til dømes forklarer dei mange av dei mest arkaiske nynorskglosene for kvarandre – og oss.
Eventyr
Det heile er absolutt underhaldande, men som antyda vekslar dette litt mellom humor på tekstens eigne premissar og på premissane til den etterpåkloke tolkinga av 2021. Skodespelarane er alle fornøyelege, men Anneke von der Lippe og Liv Bernhoft Osa som gardkjerringane er nok dei som balanserer best mellom ærleg folkekomedie og teatral parodi. Dei har nok sett norsk folkekomedie på ordentleg.
Ein noko meir ferdigpreparert produksjon er det den andre National UT-gjengen har presentert i Sommar-Oslo. Den gamle dramatiseringa av Tornerose, som både Nationaltheatret og andre norske teater spela i tiår etter tiår før i tida, var på plakaten alltid signert vår eigen Hans Wiers-Jenssen.
Eigentleg var det finlandssvenske Zacharias Topelius’ barnekomedie frå 1870 som låg til grunn, Wiers-Jenssen var berre dramaturg og omsetjar. Det er også Topelius’ persongalleri og dramatiske skjelett som ligg til grunn for denne sterkt omarbeidde og komprimerte versjonen, ei framsyning på 40 minutt.
Kvelden vi, som nokre få heldige tilskodarar, fekk sjå dette, var det eit lag unge aktørar som leika seg med eventyret på Vøienvollen gard på Sagene i Oslo. Kontrastane mellom det gamaldagse og det notidige vart her ikkje så skarpe og ironiske som i Rasjonelt fjøsstell, sjølvsagt fordi eventyruniverset alltid vil vere tidlaust. Og i barnekomedie er det fullt lovleg med tull og moro. Dei musikalske innslaga har òg ein humoristisk blunk til det vaksne publikummet, med tonar frå Tsjajkovskijs Tornerose-ballett, Solveigs voggesong frå Peer Gynt og dertil meir aktuelle poprytmar. Skodespelarane, velopplagde og sjarmerande, bergtok oss denne ettermiddagen på Vøien frå første til siste stund.
Nok har vel det gamle stykket hatt ein varare poetisk dimensjon. Men skulle den gjenskapast, ville ein nok trenge ein tradisjonell scene. Denne Tornerose anno 2021 hadde iallfall glimt i auget.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.