Narkolepsi på full speed
Skodespelarane løfter det flyktige draumespelet meir enn teksten.
Silje Lundblad (t.v.) spelar Eg (liknar på Ho) og Kaia Varjord spelar Ho (liknar på Eg) i det nye stykket til Mari Hesjedal.
Foto: Magnus Skrede
Det Norske Teatret, scene 3
Mari Hesjedal:
Sov ikkje
Regi: Iram Haq
Scenografi: Milja Maaria Salovaara
Lyddesign: Gaute Tønder
Eit av dei ytst få stykka Det Norske Teatret har hatt høve til å spele i magre streiketider, er ein fabulerande tekst av den unge dramatikaren Mari Hesjedal. Ho har levert ein del verkstadsdramatikk før, men dette er første runden hennar inne i varmen, i institusjonsteateret.
Ulike medvitsnivå
Stykket er regissert av ein framgangsrik ung filmregissør som her debuterer med det første teaterarbeidet. I utgangspunktet er det spennande med historier som rører seg mellom ulike medvitsnivå; her veit vi ofte ikkje om det er ei røynd eller berre ein draum som vert skildra. Men ein slik sjanger treng òg ei slags framdrift, som dei fleste sjangrar.
Den kvinnelege hovudpersonen i Sov ikkje har på merkeleg vis mista venninna/sambuaren. Er ho død, drepen, berre forsvunnen – eller er ho berre ei alter ego? Er dei to hypervitale unge mennene rundt henne vanlege politifolk som avhøyrer henne, eller berre skremslefigurar inni hovudet hennar? Handlinga i stykket er heller ikkje openbert lineær, så når det sluttar, veit vi ikkje heilt om det er slutten eller den eigentlege byrjinga vi no har sett.
Monotoni
Strukturen i denne teaterhendinga er som nemnt slett ikkje uinteressant, men trass i den korte speletida på éin time fell etter kvart overraskingane over i monotoni.
Det er ikkje skodespelarane si skuld. Gard Skagestad, Christian Ruud Kallum og Kaja Varjord klarer alle å setje oss inn i draumeuniverset, som jo alltid er logisk på sitt ulogiske vis. Og Silje Lundblad i hovudrolla, som den traumatiserte og narkoleptiske Ho, er heilt enkelt karismatisk.
Mykje tyder på at Mari Hesjedal enno har eit stykke å gå som dramatikar. Men ho er på veg. Sov ikkje er i alle høve ein god kveld for skodespelarane. Og etter desse energiutblåsingane søv dei nok godt, alle fire.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Trass i den korte speletida på éin time fell etter kvart overraskingane over i monotoni.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.