Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Og kva så?

Innhaldet forsvinn i ei knebla form.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tone Mostraum og Morten Espeland spelar ekteparet som spør seg kva som eigentleg hende.

Foto: Øyvind Eide / Nationaltheatret

1594
20171124
1594
20171124

Nationaltheatret

Malersalen:

Spørrespillet

av Mikkel Bugge
Regi: Kai Johnsen

Mikkel Bugge er ei ung røyst i norsk litteratur med stort tematisk vengjespenn. Han skriv både prosa og dramatikk, og skodespela hans har til no botna i konkrete researchprosjekt. Det vesle stykket som no har hatt premiere på Nationaltheatret, er meir ein variant av det klassiske ekteskaps- og familiedramaet, uhyre spartansk i forma, med to skodespelarar på ein naken black box-scene med lysverknader som einaste «scenografi». Tekstleg gjev stykket seg ut på å berre bestå av spørsmål, i den grad at kvar einaste setning som blir sagt, skal kome med spørjeteikn. Det er eit originalt tekstgrep, i og for seg, men når ein først bit seg merke i det, merkar ein òg at det ikkje er 100 prosent gjennomført.

Det farlege med ein slik språkleik er dessutan at ein som åskodar kan bli hengande i konsentrasjon om det åleine. Og det er synd, for det er elles mykje spennande i Bugges langsame utpakking av menneskeleg svikt og lengt, av otte og undring.

Det andre som er synd, er at det ikkje fungerer dramatisk, diverre. Skodespelarane er mest heile tida tvinga inn i ein stiv spelestil med pause mellom kvart ord. Det gjer at alt blir tydingsfullt og melodramatisk, og det toler ikkje denne teksten. Ein får mest kjensla av den 55 minutt lange framsyninga kunne vore unnagjort på eit kvarter, om dei på scenen hadde oppført seg normalt. Så kvifor dette? Orsak at vi spør, men vi er nok miljøpåverka.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis