Og Reppen går vidare
Karriere- og erkjenningskabareten har musikalsk energi, men tynt innhald.
Iren Reppen har med seg fire musikarar på scena.
Foto: Dag Jenssen
Det Norske Teatret, Scene 2
Iren Reppen:
Det e hardt å være b**ch
Regi: Nils Petter Mørland
Komponist: Svein Gundersen
Iren Reppen er ein skodespelar som no, vel tretti år etter debuten, kan smykke seg med ein ganske så mangslungen og velsett CV. Alt tidleg i karrieren fann ho ei eiga form der ho innimellom klassiske teaterroller skapte musikalske kabaretar med eigne tekster, hovudsakleg med eit kjønnspolitisk fundament.
Trilogi
Med den første kabareten i 1995, Det e hardt å være mainn, fokuserte ho på mannsrolla med kvinneblikk, og i den neste, Det er hardt å vere 2 (2004), var det samspelet mellom manns- og kvinnerolla det handla om.
No har ho på eit vis fullbyrda ein trilogi, og no fortel ho i brotstykke om å vere karrierekvinne på topplanet (ho var teatersjef på Hålogaland Teater 2009–2013), om den stendige tvilen på eiga kraft og perfeksjonisme og tvilen på om det er naudsynt å vere tøffare enn ein eigentleg er.
Reppen har alltid vore ein kraftfull sceneartist. Ho får voluminøse sceneprestasjonar til å sjå leikne og lette ut, ho kommuniserer godt med publikum utan å bli innpåsliten, og ho skriv velturnerte tekster. Ho har mogen styrke og eit barnleg smil, som er ein svært verdifull kombinasjon. Alt dette er for så vidt grunn god nok i seg sjølv til å gå og sjå henne.
Likevel – med all røynsle vi har gjennom seinare år med å sjå kjentfolk fortelje om seg sjølve i teaterframsyningar, er vi etter kvart meir og meir kresne etter originalitet og overraskingar i denne typen teater. Det synest vi nok det vantar ein del på hjå Iren Reppen denne gongen.
For lite personleg
Mange av songnummera hennar er gode, om ikkje nett med klassikarpotensial, og firemannsorkesteret er framifrå. Men viss denne dama verkeleg har jobba hardt for å finne ein posisjon å respektere seg sjølv i, burde ho våga å vere endå meir personleg. Ho tek oss aldri heilt inn i konfliktsonene sine, men smyg seg oftast unna med å setje nye skråblikk på mannen. Og det er ikkje det tittelen på framsyninga lovar. Dette skulle då handle om å vere bitch?
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.