Overlever absurdismen?
Dramatikarkloa til Ionesco er tidlaus, men kan ein fornye ein fornyar?
Eugene Ionesco skapar karakterar og dialogar vi ler av.
Foto: Erika Hebbert
Det Norske Teatret
Scene 2
Nashornet
Av Eugene Ionesco
Omarbeiding, omsetjing og regi: Ingrid Weme Nilsen
Scenografi og kostyme: Mia Runningen
Magien ved den no nærast historiske teatersjangeren absurd teater har som regel hatt eit fundament i samanstillinga av det truverdige og det totalt usannsynlege i same rom og i same handlingsunivers. Slik sett er kan hende Eugene Ionesco den aller mest magiske absurdismediktaren, for han skaper karakterar og dialogar vi identifiserer oss med og ler av, men i situasjonar og hendingar som er draumeaktig meiningslause. Og – ja, nettopp – han skildrar ting som berre kan hende oss når vi har mareritt.
Teikn i tida
Skodespelet Nashornet er kort fortalt ein fabel om smitteeffekten av teikn i tida, ein fantasi over kor lett vi lèt oss påverke av det som går føre seg rundt oss, anten det er holdningar, motar og trendar eller personleg smak og interesser vi trur vi har funne på sjølv. Ionesco har nok hatt minna om fascismens og nazismens framvekst i bakhovudet. Ingrid Weme Nilsens nyoppsetjng på Det Norske Teatret er ei sterkt komprimert eintimes framsyning av den opphavlege treaktaren. Essensen i innhaldet og framdrifta har ho bevart og intensivert på ein stilig, skarp måte, der den skjelvande balansen mellom humor og uhygge heile tida held seg.
Føreseieleg
Men trass i den vellukka tekstomarbeidinga er det eit par andre moment som svekkjer krafta i Ionescos verk. Det er ikkje utan vidare gjort å fornye ein dramatikar som sjølv var ein fornyar. Stykket har i utgangspunktet svært detaljerte, realistiske scenetilvisingar, som openbert gjer dei dramatiske kontrastane større, når menneske forvandlar seg til nashorn. I Mia Runningens stiliserte og antirealistiske scenebilete er det absurde så føreseieleg at vi mest ikkje tenkjer over det.
Det andre problemet er faktisk rollefordelinga. Mange bipersonar frå originalstykket er strokne, og dei fleste skodespelarane, alle unnateke hovudpersonen Berenger (Per Schaanning) og kjærleiksmålet hans Daisy (Julie Moe Sandø), speler to roller kvar. Dette er, på same måte som scenografien, med på å flate ut motsetjinga mellom det sannsynlege og det usannsynlege i teaterhendinga. Dermed vert vi ei lang stund sitjande og roleg observere fikst, velgjort teater. Det er ikkje før redsla og desperasjonen i historia for alvor tek fyr, at vi opplever det som tankevekkjande. Da grip dei til gjengjeld bra tak i oss, både Svein Roger Karlsen, Geir Kvarme og Julie Moe Sandø, som gjev seg over til dyreforvandlinga, og Per Schaanning, som trassig og ulukkeleg står åleine attende.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den skjelvande balansen mellom
humor og uhygge held seg heile tida.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.