Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Skogsmatrosen er eit djupt fengslande tidsbilete med eit supertalent på scena.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tidskoloritten blir sett då Halvor (Espen Mauno) spelar «Mandalay». John Nyutstumo til høgre.

Foto: Kristin Aafløy Opdan

2772
20170512
2772
20170512

TEATER

Teater Innlandet:

Skogsmatrosen

av Jon Michelet
Dramatisert av Mathias
Calmeyer
Regi: Janne Langaas
Scenografi: Britt Elin Østby

Den frontalt appellerande teaterforma som først og fremst vil fortelje ei historie, er ein sjanger vi bør vite å verdsetje innimellom alt det spektakulære vi ser på store scener. Teater Innlandet har no teke vegen fatt med ei dramatisering av Jon Michelets roman En sjøens helt – skogsmatrosen. Med tanke på utstyr er det ei enkel framsyning med to skodespelarar og ein handfast ståande scenografi. Hovudrolla som førstereisguten Halvor blir spelt av Espen Mauno, medan John Nyutstumo med ørsmå endringar i andletsuttrykk og kostymeeffektar spelar far hans, mor hans, skipperen hans og diverse eksotiske utlendingar. Det er på sitt vis minimalistisk teater, men det er mest av alt morosamt, spennande, rørande og intenst sjarmerande.

Sjenerøs intensitet

Historia om den unge bondeguten Halvor frå Rena som kjenner slik dragning mot havet og den store verda der ute, er plassert i slutten av mellomkrigstida. Tidskoloritten blir fastsett i første scena der Halvor med gitaren syng «Mandalay». Vi får vere med på oppbrotet frå bygda og familien og vidare ut på den overveldande førstereisa, der unge Halvor skal få oppleve svært mykje for første gong, av geografi, alkohol, kvinner og sjøsjuke. Med all respekt for den vitale og allsidige John Nyutstumo må det seiast at dette er unge Espen Maunos kveld. Han er til stades for oss på scena med ein så sjenerøs intensitet at vi knapt kan hugse sist vi har sett noko liknande. Han er plastisk og musikalsk elegant, og i vekslingane mellom å fortelje direkte til publikum og å spele ut dialogscener slepp han aldri eit sekund taket i karakteren. Med hjelp i stram og god dramatisering og regi vert dette for oss ei reise ut i verda, og ei reise attende til 1939 og 1940, som neppe nokon film eller TV-serie kunne gjort klårare og sterkare.

Godt førelegg

Det litterære førelegget må sjølvsagt krediterast. Utan å ha lese boka merkar vi Jon Michelets kunnskapskonto og varme hjarte for den vanskelege tida, då glad og livslysten norsk ungdom vart ramma av krigen som kom, og då med mange av dei, som Halvor, langt heimanfrå. Krigens konsekvensar for Noreg har vorte ein del av kulturhistoria vår, og ennå blir det skrive bøker og laga filmar om Noreg og krigen. Det er opp og ned med kor overtydande dei ulike hendingane og lagnadene blir skildra, men denne gongen kan ein ikkje klage. Skogsmatrosen er ei perle av ei framsyning, og Espen Mauno er garantert komen til norsk teater for å bli.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Skogsmatrosen er ein perle av ei framsyning.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis