Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Sorg, ferdahug og heimlengt

Flatland på teater er velspelt og stilig, men berre glimtvis rørande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
John Emil Jørgensrud spelar Tarjei som vi ser lite til på scena.

Foto: Øyvind Eide

2390
20180323
2390
20180323

Nationaltheatret, Amfiscenen:

Etter Helga Flatlands trilogi Bli hvis du kan:

Tarjei

Dramatisering og regi:
Tyra Tønnesen
Scenografi og kostyme:
Leiko Fuseya
Komponist: Andreas Utnem
Lysdesignar: Øyvind
Wangensteen

Helga Flatland sin romantrilogie, Bli hvis du kan, har på fire–fem år alt nærast vorte ein klassikar. Noko av løyndomen bak suksessen er nok at bøkene kombinerer samtidsaktuell tematikk med eit av dei mest tradisjonsrike temaa i norske romanar: utferdstrongen, og dei ambivalente kjenslene for heimstaden. Handlinga er fokusert på fire unge norske menn som dreg ut som soldatar i Afghanistan. Berre éin kjem heim att i live. Dramatiseringa på Nationaltheatret spenner prinsipielt over alle tre bøkene, men har eigentleg berre fokus på den eine karen, Tarjei, og verknaden lagnaden hans får for familien.

Fascinerande

Visuelt er denne framsyninga fascinerande frå første stund. Bak eit gjennomsiktig forteppe ser vi i opninga nokre skuggeskapningar og unge menneske gjennom skodde, og vi aner korleis etterlatne prøver sjå for seg kva som hende med dei som forsvann. I scenebiletet er det plassert fem store sandkasser med jord, pluss ei likkisteopning i golvet. I dette surrealistiske rommet kjem personane: foreldra til Tarjei, systera hans og kjærasten hennar og naboen – og omsorgspersonen – Ragnhild. Dialogane er realistiske og direkte, og den symbolske bruken av jord kler det heile, som teikn på både død, heimkjensle og trong til flukt og gøymsle. Skodespelarane skaper sterke og heile karakterar.

Noko vantar

Og likevel, trass i gjennomheiderleg spel og fantasieggjande synsinntrykk, er det mest aldri som vi vert heilt gripne. Først når stykket er slutt, er det som vi aner kva som vantar. Kvar vart det av guten som var utgangspunktet for sorga? I byrjinga ser vi John Emil Jørgensrud som ein sårbar og leitande ung mann, kjenslemessig intens. Vi får vite kva han ville og kva han ikkje ville, og kvifor han måtte dra. Men når han først er borte, mister vi òg noko av nervetråden frå han til dei hine. Det dei strevar med i liva sine, handlar dermed berre om dei sjølve. Hadde han fått kome att, om berre i minneglimt, ville nok historia om han og dei hange tettare saman. Men i dramatisering av ein romantrilogi lyt ein nok drepe mange elsklingar.

Bent Kvalvik

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis