Spektakulær, men framandsleg legende
Framsyninga om Parsifal er visuelt slåande, men utydeleg i handling.
Framsyninga om Parsifal på Trøndelag Teater er spanande å sjå, men ikkje alltid lett å følgje med på.
Foto: Trøndelag Teater
Trøndelag Teater
Lukas BÄrfuss:
Parsifal
Omsett av Øyvind Berg
Regi: Mina Salehpour
Scenografi: Andrea Wagner
Kostyme: Maria Andershi
Komponist: Sandro Tajouri
Lysdesign: Eivind Myren
Det er openbert tysk teater som er toneangjevande i nordeuropeisk scenekunst for tida. Impulsane frå Tyskland og gjesteinstruktørane derifrå har gjeve mange nye og overraskande skråblikk på teaterklassikarane her i Noreg òg.
Ei utfordring med dette er at ikkje alle klassikarar i den tyskspråklege verda har like klår klassikarstatus hjå oss.
Dreg ut i verda
Riddarlegenda om das Kind im Mann, unge Parsifal som dreg ut i verda utan kunnskap og røynsle, har nok hint til mange nordiske legender òg, både Peer Gynt og Oskeladden og Nils Holgersson. Men den konkrete forteljinga er ikkje utan vidare heimleg her på berget. Framsyninga Parsifal på Trøndelag Teater er spanande å sjå, men ikkje alltid lett å følgje med på.
Mennesket Parsifal har vakse opp utan å kjenne verdas farar og vondskap, godt hegna av ei mor som visste altfor mykje om krig, hat og elende. Når han slit seg laus og får ambisjonar, især om å få seg ein riddarplass ved det runde bordet, må han gå både i tunge motbakkar og over lik, og han når langt om lenge fram til ei endeleg erkjenning.
Naken uskuld
På scena vert Parsifal spelt av unge Kenneth Homstad, bokstaveleg talt naken mesteparten av tida, men med ei uskuld i det nakne som tilsvarer karakteren han skaper. Når han mot slutten får nokre tekstilar på seg, ser vi det desillusjonerte i andletet hans. Resten av ensemblet spelar fleire roller kvar, og det må vedgåast at nett dette tilslører handlingsgangen ein del, av di vi ikkje alltid skjøner korkje relasjonane eller motiva for gjerningane.
Det beste ved framsyninga er det strengt visuelle, der både scenebilete, kostyme og lysbruk skaper ein sterk tråd frå det legendariske fram mot det framtidige.
Skodespelarane har òg ein samkøyrd energi som kvitterer for ein inspirerande instruktør. Heilt kloke blir vi kan hende ikkje på progresjonen i reisa til Parsifal, men eit kraftfullt uttrykk sit vi i alle høve att med etter teppefall.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det beste ved framsyninga er det strengt visuelle.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.