Stilreint, men litt for stilig
Kul minimalisme kveikjer bloddramaet.
Ingeborg Sundrehagen Raustøl som Lady Macbeth og Preben Hodneland som Macbeth.
Foto: Eirik Malmo
Det Norske
Teatret, Scene 2
William Shakespeare:
Macbeth
Omsett av Edvard Hoem
Regi: Peer Perez Øian
Scenografi og kostyme:
Etienne Pluss
Den faste husregissøren ved Det Norske Teatret, Peer Perez Øian, har gjort mange overraskande grep på klassikarane, ofte med interessante resultat. For fire år sidan gjorde han ein Hamlet med høgst uvanleg rollebesetning. Når han no har sett opp Macbeth, er han varlegare i rollefordelinga, det gjer òg stykket meir oversiktleg enn førre gongen.
Og fascinerande vil det alltid vere at ei så stygg historie kan ha ein så fin, poetisk tekst. Det litterært verdfulle er nok òg det som lever og blømer best i framsyninga. Både Preben Hodneland i tittelrolla og Ingeborg Raustøl som Lady Macbeth formidlar reint og vakkert orda til menneske i personleg krise og erkjenning.
Men i ei såpass stram og stilisert oppsetjing, der scenebiletet er som ein mørk nattklubb og all ytre dramatikk berre vagt kan rissast opp, vert faktisk det heile for elegant og velgjort. Det røskar ikkje i oss. Dei tre lagnadssvangre heksene er framstilte effektfullt og originalt av tre dansarar, det hjelper på. Men den einaste scenen det sitrar av, der Macbeth vert heimsøkt av gjenferdet til venen og rivalen Banco (Petter Winther), som han har late drepe, er kortvarig, men skinande scenemagi.
Bent Kvalvik
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det Norske
Teatret, Scene 2
William Shakespeare:
Macbeth
Omsett av Edvard Hoem
Regi: Peer Perez Øian
Scenografi og kostyme:
Etienne Pluss
Den faste husregissøren ved Det Norske Teatret, Peer Perez Øian, har gjort mange overraskande grep på klassikarane, ofte med interessante resultat. For fire år sidan gjorde han ein Hamlet med høgst uvanleg rollebesetning. Når han no har sett opp Macbeth, er han varlegare i rollefordelinga, det gjer òg stykket meir oversiktleg enn førre gongen.
Og fascinerande vil det alltid vere at ei så stygg historie kan ha ein så fin, poetisk tekst. Det litterært verdfulle er nok òg det som lever og blømer best i framsyninga. Både Preben Hodneland i tittelrolla og Ingeborg Raustøl som Lady Macbeth formidlar reint og vakkert orda til menneske i personleg krise og erkjenning.
Men i ei såpass stram og stilisert oppsetjing, der scenebiletet er som ein mørk nattklubb og all ytre dramatikk berre vagt kan rissast opp, vert faktisk det heile for elegant og velgjort. Det røskar ikkje i oss. Dei tre lagnadssvangre heksene er framstilte effektfullt og originalt av tre dansarar, det hjelper på. Men den einaste scenen det sitrar av, der Macbeth vert heimsøkt av gjenferdet til venen og rivalen Banco (Petter Winther), som han har late drepe, er kortvarig, men skinande scenemagi.
Bent Kvalvik
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.