Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Tivoli er ikkje teater

Det Norske Teatret gjev ein energisk, men høgrøysta andletsløft på ein klassikar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Petter Winther er framifrå i rolla som utroparen.

Foto: Erik Berg / Det Norske Teatret

2846
20180119
2846
20180119

Det Norske
Teatret

Ödon von Horvath:

Kasimir og Karoline

Bearbeidd av Anders Hasmo og Peer Perez Øian
Omsett av Runa Kvalsund
Regi: Peer Perez Øian
Scenografi og kostyme:
Etienne Pluss

Den tysk-austerikske forfattaren Ödon von Horvath skreiv i si tid romanar og skodespel som var brannfaklar i 30-åras Midt-Europa, ein epoke vi jo veit var ei akselererande krisetid. Det kjem jamleg nye tider der vi ottast for framtida vår, og sjølv om teikna ikkje er identiske med dei i fortida, har diktarar som Horvath og andre frå dazumal jamleg fått fornya aktualitet.

Skodespelet Kasimir og Karoline handlar om unge menneske på eit tivoli under den store Oktoberfesten (den tradisjonsrike ølfestivalen i München). Trass i fattigslege og usikre levekår går dei inn for å more seg og gløyme kvardagens tristesse for ei stund. Møte med nye menneske vekkjer diverre opp undertrykte kjensler, sjalusi, uoppfylte draumar, ambisjonar, og frustrasjonar – og dei viklar seg inn i nye problem og konfliktar som ikkje går mot nokon lykkeleg slutt.

På hogget

Horvaths opphavlege stykke har ein eigentleg tilforlateleg og direkte forteljestil, mest som ei skillingsvise. På Det Norske Teatret, der stykket no vert spelt for første gong i Oslo, har ein valt ei spektakulær, showaktig tilnærming, med eim av dekadent musikal. Det er ein morosam sirkusscenografi og ein myldrande atmosfære av folkeliv.

Skodespelarane er velopplagde og heile tida på hogget. Men typane dei framstiller, verkar heile tida som outrerte karikaturar, og det vert så å seie umogleg å engasjere seg, enn seie konsentrere seg, i høve til det som går føre seg med dei. Svært forvirrande og uforståeleg verkar det òg at openbert tyske menneske – alle har dei tyske karakternamna frå originalstykket – går på den erketyske oktoberfesten og byrjar snakke om dagsaktuelle samtidssaker i Noreg. Kvar er vi? I Tyskland eller Noreg, i 30-åra eller her, no? Det er ikkje fritt for at endå eit forsøk på å aktualisera ein klassikar endar i eit kunstnarleg flykrasj.

Magisk trykk

Dei musikalske og songlege innslaga i framsyninga er godt gjennomførte og frir med stort hell til den ungdomlege delen av publikum. Men det gir ikkje nokon nærare kontakt med intensiteten og undergangsstemninga hjå Horvath – det må då seiast med eitt fascinerande og heiderleg unnatak: Petter Winther i rolla som utroparen. Han har – i både det plastiske og det vokale uttrykket – eit magisk trykk som er verdt teaterbilletten åleine. Hjå Winther finst anslaget som burde ha forplanta seg til resten av framsyninga.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Svært forvirrande og uforståeleg verkar det òg at openbert tyske menneske byrjar snakke om dagsaktuelle samtidssaker i Noreg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis