Trist og godt om pubertet
Teikneseriens skråblikk på ei ung krise vert skarpt teater.
Knut Sten spelar rolla som Axel. I bakgrunnen sit Hedda Sandvig.
Lars Opstad
Oslo Nye Teater og Tigerstadsteatret, i Trikkestallen
Anders N. Kvammen:
Ungdomsskolen
Regi: Toril Solvang
Scenografi og kostyme:
Marcus Olson
Komponist: Sandra Kolstad
Lys- og videodesign: Martin Flack
Teikneserieromanen som form er enno eit ungt omgrep i det norske mediebiletet. Anders N. Kvammens teikna bok Ungdomsskolen er eit fint døme på at historieforteljing kan gjerast appellerande i fortetta versjon. I dramatisert form i Trikkestallen er det vorte ei både morosam og gripande framsyning, som balanserer mellom sosialrealisme og karikert revy.
Det godtek vi utan å blunke. På merkeleg vis er det som det er nett slik det må vere. Ungdomstida er sår og komplisert, og det unge mennesket vil mest alltid sjå verda og livet med både klåre og tilslørte auge.
Skuleunivers
Stykket er, som tittelen seier, konsentrert om skuleuniverset, og scenografisk er scenen dominert av ei brei «tavle», der Kvammens opphavlege teikningar har stor illustrerande plass. Skodespelarane går, alle utan hovudpersonen Axel, med små grep ut og inn av ulike roller, og i korte, skarpt opprissa sekvensar møter vi både vener og uvener, born og meir eller mindre uforståande vaksne. I traumesituasjonane kjem personane fram med skremmande monstermasker.
Einsemd
Først og fremst er dette historia om den einsame og kjenslevare guten Axel, som strever for å tilpasse seg i ei tøff ungpøbelverd. Knut Steen spelar Axel med ein spontan varme som ikkje kan unngå å gjere inntrykk. Han tek oss inn i varmen sin frå første sekund.
Resten av ensemblet, Petter Vermelid, Henrik Hoff Vaagen, Zeze Kolstad og Hedda Sandvig, følgjer opp med raskt etablerte karakterar, fine typar gjorde med plastisk eleganse. Og Nirvana-låtane, som Axel og fetteren hans er så glade i, set ein vakker boge over handlinga.
Men, til programinformasjonen, kven har gjort dramatiseringa av Kvammens bok? I ei tid der mange, svært mange, populære teaterframsyningar byggjer på bøker, er det vel vesentlegare enn nokon gong å kreditere dei som står for metamorfosen frå det skrivne til det visuelle uttrykket?
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.