Technoratorium
Detroit techno-pioneren Jeff Mills viskar ut grensa mellom kunst-, kyrkje- og klubbmusikk.
Elektronisk musikk
Jeff Mills
The
EyeWitness
Axis Records
Jeff Mills er 61, DJ, produsent, komponist og ein av pionerane innan Detroit techno-rørsla på 80- og 90-talet. Mills’ mest kjende klubbklassikar er dansehymna «The Bells», og hans nyaste album, The EyeWitness, startar med anslagslause trommer og underleg tungetale-beatboxing; smatting, pjatting og munnlydar eg manglar omgrep for, vekkjer kjensla av å prøve å forstå eit ukjent språk, og når kyrkjeklokkene ringjer inn så det ljomar, er det som om ein lyttar til eit utanomverdsleg oratorium.
På spor 2, «Menticide», blir syntharpeggiato til symfoniske strykarar. Ulande synth-kyrkjeorgel møter ville og laussleppte trommemaskincymbalar og standhaftig elbassplukking på «Those Who Worked Against Us». Eksotiske strengeinstrument kling i ei undersjøisk hole i eit utanomjordisk verdshav på «Mass Hypnosis». Medan telefonen ringjer.
På «Hold and Command» vandrar dei førebels uhandgripelege syntharpeggiatovandretemaa ut på eit dramatisk dansegolv drive av jazzete fender rhodes-kordar og pumpande fusionbass i 6/8-takt; på «Wonderous Butterfly» flaksar 909-riden fredsælt kring polymetrisk puls og bassklarinettliknande tonar. «Sacred Irridescent Mirror (The Pledge)» held pulsen oppe med jazzete bass og marsjeskarp.
Den som ikkje trur klubbmusikk er ei verdig kunstform, bør undersøkje Mills’ musikk. Søk til dømes opp videoverket The Exhibitionist, der han sit på huk og står fram, virtuost tafsande på 909-trommemaskina si på golvet i eit grenselaust, kvitt rom, lik technomusikkens svar på Jackson Pollock, dryppemålaren i den amerikanske abstrakt ekspresjonisme-rørsla på 1940- og 1950-talet. The EyeWitness ut-trykkjer – på knappar og knottar – noko som ikkje kan seiast med ord – det ekspressive, abstrakte uttrykket er skrudd opp til 11.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, DJ og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.