Nynorsk
I samband med at det i vår er ti år sidan eg byrja å arbeide som lærar, kan eg også markere at det er like lenge sidan eg vart ein nynorskskrivar. Etter ferdig utdanning, med mellom anna mastergrad i nordisk, var eg så heldig å få arbeide i den vidaregåande skulen. Norsklærarar er ettertrakta, og det gjekk fort frå eg starta med eit totimars kurs til eg hadde dekt opp ei heil stilling.
Alt vel, sett burt ifrå ein ting. Eg måtte vere like stø i nynorsk som i bokmål, som den gongen var hovudmålet mitt. Det var eg slett ikkje, og det var flaut. I løpet av dei seks åra eg gjekk på universitetet, var det knapt nok nynorskundervisning. Heller ikkje det året eg tok lærarutdanninga, fekk vi opplæring i skriftspråket som eg no skulle lære burt til andre. Skulle eg ha truverd i eit langt norsklærarliv, måtte eg så fort som råd var, bli ein nynorskskrivar. Eg måtte leggje vekk bokmålet for å lære meg sidemålet mitt. For ei stund. Trudde eg.
Det viktigaste eg lærte den første tida, og som gjeld like mykje i dag, er at eg må tore å gjere feil, både når eg rettar tekstar og når eg skriv sjølv. Eg kan ikkje vere redd for at nokre substantiv kan få gal ending. Om eg skulle ha panikk for feil i grammatikken eller syntaksen, ville eg aldri ha blitt betre. I tillegg er det påfallande med målfolk som opptrer som eit språkpoliti og slår ned på alt som vik frå normalen. Som da eg i vanvare skreiv «kommer» i staden for «kjem», og fekk ei helsing frå ein eldre mållagskar om at eg burde skamme meg.
Å vere raus mot sine eigne kan vere vanskeleg det. Heldigvis er mange målfolk gode støttespelarar, så eg held meg med dei. Og heldigvis har eg heile tida vore trygg på at eg faktisk kan, og at eg heller har sett kva eg faktisk får til, og ikkje kva eg gjer feil. Eg er god nok!
Men om motivet for å bli ein nynorskskrivar i første omgang var å bli ein betre norsklærar, har motivasjonen etter kvart vorte ein annan. Nynorsk er jo det naturlege for meg. Eg er trønder, og Trøndelag var eit sentralt område i Ivar Aasens landsmålsprosjekt. Det er når eg skriv nynorsk eg finn dei rette orda og formuleringane som seier best det eg vil uttrykkje.
Tore Renberg har sagt det så fint. I samband med den siste romanen han skreiv, skifta han til nynorsk for å få skrivinga til å lausne. Han seier at «nynorsken er klangen vår, det er tonen vår, og gjennom tonen din finn du songen din, og gjennom songen din er du deg sjølv på jorda». Desse orda kunne ha vore mine. Det er noko underleggjerande å lese og skrive nynorsk når ein heile tida er omringa av bokmål. Det gir motstand, det bryt med det kvardagslege, og vi ser det vi kjenner så godt frå før med nye auge.
Min draum er at også elevane kan kjenne ein kime til det same som eg. At hjartestrengen dirrar litt ekstra når ein nyttar eit språk som er litt nærmare deg sjølv. Nynorsk er blitt hjartespråket mitt. Det er da eg kjenner meg heime i det eg skriv.
Espen Tørset er lektor i norsk ved Orkdal vidaregåande skole.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.