Topp trolsk realisme
Filmregissør Ali Abbasi er ei fantastisk, forfriskande stemme i skandinavisk film.
Den svenske tollaren Tina (Eva Melander) vurderer etter kvart plassen ho har i samfunnet.
DRAMA/FANTASY/THRILLER
Regi: Ali Abbasi
Grensen
(Orig.tittel: Gräns)
Med: Eva Melander, Eero
Milonoff, Jörgen Thorsson
Den svenske tollaren Tina (Melander) luktar frykt og skam frå folk som passerer med klirrande taxfreeposar og det som verre er, når dei går i land frå Finlandsferja. På fritida trivst ho best berrføtt i skog og mark. Forholdet til flora og fauna er harmonisk, men kamphundane til tosken ho bur saman med (Thorsson), bjeffar vilt på henne. Ho passar ikkje heilt inn. Når like rare Vore (Milonoff) kjem gjennom tollen, blir ho fortumla. Livet tek uana vendingar, og Tina lyt vurdere plassen sin i samfunnet.
Eventyrleg
Den iranskfødde regissøren Ali Abbasi har stålkontroll på nordisk tradisjon og natur i filmspråket sitt. Han leikar like friskt og frekt med norrøn mytologi, folketru og eventyr som osingen André Øvredal gjorde med Trolljegeren. Abbasi viste seg òg som ein stødig sjangersmed med debuten Shelley, der Ellen Dorrit Petersen spelte sterkt i ein effektiv skrekkfilm frå grisgrendte strøk med klare hint til Rosemary’s Baby, men filmane er ikkje berre leik. Regissøren har sjølv sagt at fordelen med sjangerfilm er at folk slappar forsvarslaust av. Så smyg han inn store spørsmål. Han er engasjert og ambisiøs.
Symbolsaker
Som danskskulert iranar i svensk film kjenner Abbasi fleire grenser. Grensa er symbolsk. Tina står ved fleire skiljeliner, ikkje berre for den svenske staten. Filmen er overskridande med tanke på fleire kategoriar. Kjønn er herleg handsama. Elles rører Abbasi mellom anna ved innvandring og normalitet, vondskap og menneskeverd. Det vonde finst like gjerne i ein kjernefamilie med Ikea-møblar som hjå utskota. Staten har tradisjon for å vere ein skurk mot dei som skil seg ut her nordpå. Grensen har scener som framkallar kvalme og harme, men filmen har òg ein heil del humor. Forteljinga er full av nye måtar å sjå skandinaviske soger på. Det kjennest friskt, nytt og aktuelt. Filmen sveivar i gang tankeprosessar for lang tid framover på eit vis som er sjeldan og kjekt.
Sagolik suksess
Forma er framifrå. Grensen låner frå krim, thriller og fantasy. Lydbiletet er knakande godt utforma, spesielt med spraking og sildring i skog. Sminka er super. Dei fantastiske elementa er subtile. Rammene og stilen er i all hovudsak realistiske. Blandinga verkar veldig godt.
Forfattaren John Ajvide Lindqvist har teft for kven som får lage film av dei fantasirike historiene hans. Romanen La den rette komme inn blei ein flott film av Tomas Alfredsson. Grensen er basert på novella med same tittel. Abbasi har klare estetiske løysingar og held nerven nydeleg med fantasiforteljingar som seier mykje om Nord-Europa før og no.
Grensen underheld, skremmer og engasjerer. Dette er ny nordisk film på sitt beste. Filmen vann prestisjeprogrammet Un Certain Regard i Cannes og kritikarprisen i Haugesund. Eg tilrår alle å la seg rive med og tenkje nytt med Abbasi. Framtida er ljos.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Filmen sveivar i gang tankeprosessar for lang tid framover på eit vis som er sjeldan og kjekt.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.