Umerkelege vendepunkt
Thor Sørheim byr på ein fascinerande kombinasjon av det lette og det tunge.
Thor Sørheim har skrive tolv diktsamlingar.
Foto: May B. Langhelle
DIKT
Thor Sørheim:
Det faller så lett
Gyldendal 2018
Thor Sørheim debuterte som poet i 1974. Ser ein attende på rekkja av tolv diktbøker som har kome frå handa hans, har miljø- og naturvern vore tematiske omdreiingspunkt som har strøymt gjennom lyrikken hans. I Det faller så lett kan ein òg skimta ein økopoetisk tendens, til dømes i diktet «Jordfall» der han «fortøyer framtida/ i vannets prognoser». Sørheim har forresten også vore ein snedig trafikk(kritikk)diktar, det finst tre–fire trafikkdikt i denne samlinga.
Fallmotiv
Dei nya dikta slynger seg langsamt. Dei undersøker fallet, alt frå syndefallet, fossen og vasshjulet, via snø- og regnfallet til gravitasjonskreftene. Til og med eit piggsvin kan innskrivast i fallmotivet: «Et lite pinnsvin vralter over gårdsplassen/ i skumringen med børsten i været/ for at himmelen ikke skal falle/ skitten til jorda.»
Dikta til Sørheim er beherska av ei ettertenksam ro, eller, for å tjuvlåne Milan Kunderas boktittel, ein uuthaldeleg lette. Eit balanse- eller vippepunkt, eit mogleg omslag, eit kritisk augeblikk, som trugar å skiple den herskande ordenen, vert nennsamt og umerkeleg innbakt i dikta. På ordnivå og på overflata leikar poeten seg med likskapar i ordlyden, og det er nokså klart kva ord ein kan assosierer til når poeten skriv at «flukten/ søker dekning i selvutløsende katakomber».
Alvor
I titteldiktet vert eit barndomsminne om mora som klipper i eit tekstil, stilt skarpt. Dei klipte delane fell «så lett» til kvar si side av saksa. Det ser lett ut, men handlaget byggjer på trening, slit og feiling. Utanfor fell regnet tungt. Brått vert ein assosiasjon til ein jødisk nabogut som blei henta av politiet, umerkeleg fletta inn, utan brot. Interessant er det at rytmen og diksjonen er like lettfota gjennom heile diktet. Dissonansen slår ikkje inn i forma.
For å nytte ei formulering frå ei av hans eigne diktbøker, Meandertid frå 1992, kunne ein seie at Sørheims poesi påviser «ei råk i alle rutiner». Det er slik Sørheims ironiske og paradoksale stil fungerer. Ordleiken vert alltid kombinert med ein fare, ein risiko, eit alvor. Hos Sørheim fell det tunge lett, og det lette tungt. Og det vert det fine, fascinerande dikt av.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ordleiken vert alltid kombinert med ein fare, ein risiko, eit alvor.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?