Underveldande urett
Kanskje eg hadde for store forventningar om at Beale Street faktisk ville snakka.
KiKi Layne spelar Tish og Colman Domingo Joseph i filmen som tek for seg rasisme i USA.
Foto: Tatum Mangus / Annapurna Picture / Selma Media
Drama
Regi: Barry Jenkins
If Beale Street Could Talk
Med: KiKi Layne, Stephan James, Regina King
To pene, unge menneske vandrar hand i hand gjennom ein park i sollys. Tish (Layne) og Fonny (James) ser for seg ei framtid saman, heilt til han feilaktig vert skulda for valdtekt. At Tish samstundes innser at ho er gravid, gjer ikkje situasjonen enklare.
Nye taktar
Det er noko veldig old school over If Beale Street Could Talk – narrativet der svarte prøver å gjera noko bra, men vert urettferdig behandla. Det ligg ein resignasjon i det faktumet at er du fødd svart i USA, har du eigentleg ingen sjanse.
Frå Ungdomshallen i Norheimsund felte eg mine harmfulle tårer over all uretten i Purpurfargen (1985) og Lean On Me (1989). Dei seinare åra har desse deprimerande problemstillingane gått litt av moten i spelefilmar – tenk berre på BlacKkKlansman (2018) eller Black Panther (2018); stakkarsleggjeringa av svarte vert erstatta med überkule heltar. Samstundes er dokumentarfilmane meir påkosta og sett enn nokosinne før, og dei har på eit vis teke over synleggjeringa av den pågåande rasismen. Tenk berre på Oscar-nominerte I Am Not Your Negro (2016), som baserer seg på skrivinga og livet til James Baldwin, forfattaren av nettopp romanen If Beale Street Could Talk, frå 1974.
Streit fram
At Barry Jenkins tek for seg akkurat Baldwin, verkar naturleg. Jenkins vann Oscar for Moonlight (2016), som tek for seg homofili blant svarte, nok eit felles tema for Jenkins og Baldwin. Ved å filma den nokså streite If Beale Street Could Talk verkar det som Jenkins har meint det var på tide å få uretten i det amerikanske rettsvesenet og samfunnet generelt tilbake i fleisen på blaserte filmgåarar.
Sjølv om handlinga er lagd til Harlem på byrjinga av 70-åra, treng ein ikkje mykje fantasi eller bakkunnskap for å skjøna at heller ikkje i dag er alt vel. I så måte er det nokre grep eg ikkje skjønar kvifor regissøren, som sjølv har omarbeidd boka til manus, har valt.
Å gjera den kvite politimannen så til dei grader sjablongaktig slem gagnar ikkje historia. Vel kan det vera slik det var, eg tvilar ikkje på det, men når det er 2019-auge som sit og ser, blir slike detaljar meir forstyrrande enn forsterkande. I tillegg har lange, dvelande sexscener lite positiv effekt på meg.
Hovudinntrykket eg sit att med, er eit slags sentimentalt tilbakeblikk blanda med fortviling over at ting ikkje har endra seg meir. Eit par fiffige opptaktar blir vende til rett ut kjedeleg historieforteljing såpass mange gongar at eg endar opp med å kjenna meg u-underhalden. Det var vel neppe meininga til verken Baldwin eller Jenkins.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å gjera den kvite politimannen så sjablongaktig slem gagnar ikkje historia.
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.