Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
A.O. Vinje fyller år 6. april.

A.O. Vinje fyller år 6. april.

Foto: Wikimedia

A.O. Vinje fyller år 6. april.

A.O. Vinje fyller år 6. april.

Foto: Wikimedia

1769
20180406
1769
20180406

Utstilling om Vinje

Torsdag 5. april opna utstillinga Journalistikken – fridomens sjanger? A.O. Vinje og norsk pressehistorie på Nasjonalbiblioteket. Utstillinga hentar fram viktige vitnesbyrd frå pressehistoria til det moderne Noreg. Ho tek føre seg den fyrste store norske journalisten, 200-årsjubilanten Vinje, og prinsipperklæringane hans og går fram til dagens mediesituasjon med falske nyheiter.

«Aasmund Olavsson Vinje er blitt kalla vårt første journalistiske geni», seier fagansvarleg for utstillinga Trond Haugen og held fram: «Alt i 1851 la Vinje fram ein programartikkel om journalistikkens historiske og demokratiske grunnlag. Prinsippa han la fram, er framleis høgst relevante og gyldige for norsk presse i dag.»

Bøker i april

Forlaga har alt kome med smakebitar på kva bokmånaden april har å by på. Vi nemner nokre titlar her. Samlaget lanserer ei ny bok av Patti Smith: Om å skrive. Når vi er inne på nynorsk, må Sandharpesongar av Kjartan Fløgstad nemnast. Forlaget er Gyldendal. Vi nemner òg ei bokmålsbok. Gaute Heivoll lanserer denne veka ein barnebokserie. Heivoll er ein alvorleg forfattar, og barnebøkene hans er òg alvorlege: Serien tek føre seg dei sju dødssyndene.

Ferrante på TV

Ferrantes fyrste roman i bestseljarserien Napoli-kvartetten kjem snart på fjernsynet. Den amerikanske betal-TV-kanalen HBO kunngjorde i fjor at dei skulle lage ein miniserie av boka, og bestilte åtte episodar. Produksjonen er alt i gang i Italia, og HBO har gjeve sjåarane eit fyrste blikk av Mi briljante venninne. Serien blir regissert av Saverio Costanzo. Samlaget har denne kommentaren til bok365.no: «Vi var fleire i forlaget som fekk gåsehud av dei fyrste bileta av Elena og Lila som HBO sleppte førre veke», seier Karin Helgøy i Samlaget.

ronny@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.

Foto: Anne Valeur

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fugl føniks

Hayden Powell har brukt ventetida godt.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis