Vakker vassfabel
Årets Oscar-favoritt er flott å sjå på og varmar hjarta.
Sally Hawkins spelar rolla som den stumme reinhaldaren som forelskar seg i ein vassmann.
Foto: Kerry Hayes / Twentieth Century Fox
Drama / Fantasy
Regi: Guillermo del Toro
The Shape of Water
Med: Sally Hawkins, Octavia
Spencer, Michael Shannon
Elisa (Hawkins) jobbar som reinhaldsarbeidar på ein hemmeleg forskingsinstitusjon i Baltimore i 1962. Sidan ho er stum, står kollega Zelda (Spencer) for det meste av praten. Heime er det venn og teiknar Giles (Jenkins) som snakkar. Ein dag kjem ein ufyseleg offiser (Shannon) med eit mystisk vassvesen som vekkjer noko i Elisa. Vennskapen gryr, men paranoiaen i den kalde krigen trugar livet til den smarte, sære skapningen.
Figuren minner om vassmannen Abe Sapien frå Hellboy, men inspirasjonen er Den sorte lagune frå 1954. The Shape of Water er rik på filmhistoriske hint og nikk til regissør Guillermo del Toros eigen karriere tilbake til klokkeverka i Cronos (1993). Vi finn estetiske vink til populære Pans labyrint og ein vassparallell til Djevelens ryggrad. Som desse to er The Shape of Water ein personleg og politisk fabel. Polarisering pregar tida vår, veit meksikanaren.
Plettfri klipp og kamera gjer at filmen flyt framifrå. Han er heilstøypt. Blant dei tretten Oscar-nominasjonane finn vi med god grunn dei som har arbeidd med kostyme og produksjonsdesign. Dei har boltra seg med flotte fargar og former. Del Toro har alltid hatt stø hand om estetikken i filmar med fantastiske element. Ei solid rekke skodespelarar gjer òg sitt til at forteljinga sit godt, med Sally Hawkins i front som reine vasslilja.
Med The Shape of Water følger del Toro dei meksikanske kameratane sine Iñárritu og Cuarón i trekløveren som pressa i USA kallar Three Amigos. Alle har blitt nominerte til Oscar for beste film. Del Toro set støtt sitt særpreg på storproduksjonar for eit breitt publikum. No er han for alvor inne i varmen med ein film om utanforskap.
Dei sosiale strukturane på sekstitalet blir skildra i små drypp. Med ein trio som er stum, svart og skeiv, står alle på utsida av normalen. Legg ein til ein sympatisk spion frå Sovjet og det namnlause vassvesenet, har ein eit breitt register av figurar som fint kommenterer det å ikkje passe inn. Historia ber på inkluderande varme. Storslagen stil og små folk med stort hjarte sikrar ein sjarmerande film mange vil kose seg med.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?