Viktig rettshistorie
Hans Petter Graver skriv nyansert om Høgsteretten i Noreg under andre verdskrigen.
Sakprosa
Hans Petter Graver:
Okkupasjonstidens Høyesterett
Høyesterett i Norge 1941–1945
Pax Forlag
Hans Petter Graver har gjeve ut to av dei viktigaste juridiske sakprosabøkene dei siste tiåra. I 2015 gav han ut Dommernes krig om norske domstolar under andre verdskrigen. Rett over nyttår 2019 følgde han opp med Okkupasjonstidens Høyesterett, som handsamar Høgsteretten i same tidsperioden. Bøkene hans er viktige av fleire grunnar. For det fyrste er dei med på å fylla eit hol i norsk okkupasjons- og rettshistorie. For det andre er dei med på å fylla eit tilsvarande hol på europeisk plan. For det tredje er rettsstaten i Europa i dag på ny under press, slik den var under andre verdskrigen i Noreg, som i andre land i Europa.
Knebling
I Okkupasjonstidens Høyesterett nemner Graver ved fleire høve situasjonen i land som Polen og Ungarn. Knebling av domstolane har begge stadar vore eit sentralt element ved overgangen frå eit liberalt til eit illiberalt demokrati.
Både i Polen og Ungarn har det vore viktig for det regjerande partiet å sikra eiga makt gjennom ein framgangsmåte som ser ut til å liggja innanfor dei konstitusjonelle spelereglane. Difor har ein i begge land senka pensjonsgrensa framfor å direkte sparka dommarar. Nettopp det gjorde okkupasjonsmakta i Noreg òg hausten 1940.
Bakgrunnen for konflikten mellom okkupasjonsmakta og Høgsteretten var usemje om kor langt okkupasjonsmakta kunne gå i å regulera det sivile samfunnet rettsleg i det okkuperte territoriet. Etter folkeretten har ei okkupasjonsmakt ein viss rett til dette, og domstolane har ei viss plikt til å retta seg etter det. Men det går ei grense, og den meinte Høgsteretten vart overskriden i november 1940.
Høgsterettens motstand vart ikkje tatt godt opp av rikskommissær Terboven og justisminister Riisnæs. Mottrekket var å forby Høgsteretten å prøva lov og å senka aldersgrensa for alle offentlege tenestemenn frå 70 til 65 år. Senkinga av pensjonsgrensa ville gjera det mogeleg for det kommissariske styret å erstatta nok høgsterettsdommarar til å sikra ein lojal øvste domstol. Dei arresterte altså ikkje høgsterettsdommarane, dei utset dei ikkje for fysiske åtak eller trugslar om dette, men freista å knebla domstolen gjennom ordinær lovgjeving. Pensjonsaldertrikset var ikkje eingong ei nasjonalsosialistisk oppfinning, men fyrste gong freista gjennomført i USA i 1937 under konflikten om store samfunnsreformer mellom høgsteretten og president Roosevelt.
Nyansert
Okkupasjons- og rettshistorisk er Gravers framstilling av konflikten mellom Høgsteretten og okkupasjonsmakta viktig av to grunnar: Høgsterettsdommarane svarte til slutt med å leggja ned embeta sine før jul 1940. Dermed vart okkupasjonsmakta den sanne, autoritære karakter synleggjort. For vurderinga av Okkupasjonstidens Høyesterett er dette viktig som eit døme på det viktigaste trekket ved heile boka – det er nyansert. Graver gjer ein solid jobb med å nyansera både rolla til Høgsteretten under okkupasjonshausten 1940, i den høgsteretten som okkupasjonsmakta sette inn og som verka til mai 1945, etterkrigsoppgjeret mot dei som tok i mot tilbodet – meir eller mindre velvillig – om å tena i okkupasjonstidas høgsterett, og til slutt korleis avgjerdene til denne domstolen har vorte vurderte av juristar i etterkrigstida.
Eit døme på den nyanserte framstillinga er at Graver viser fram dei store variasjonane i tilslutninga til den nasjonalsosialistiske ideologien og okkupasjonsstyret mellom medlemmane i høgsteretten under okkupasjonstida. Fleire av dommarane var ihuga nasjonalsosialistar, og tre av dei melde seg til teneste på austfronten. I andre enden av skalaen finn ein dommarar som motsette seg å verta dommarar, men som likevel vart det. Av dei fekk Huuse og Motzfeldt til slutt gå over i ei dommarstilling i lagmannsretten i staden.
Ei innvending
Mi innvendig mot Okkupasjonstidens Høyesterett er at Graver til tider lèt vilje til nyansering av det totale biletet av høgsteretten under andre verdskrigen koma i vegen for å løfta fram nyansar i dei konkrete hendingane.
Eit døme på noko som kunne ha vorte løfta meir fram, er dommar Reichborn-Kjennerud som leiar for ad-hoc-domstolen som vart sett ned for å døma politifullmektig Gunnar Eilifsen i 1942. Frontkjemparen – leiaren av ein motsabotasjeorganisasjon som både sprengde ein kafé og likviderte ein høgsterettsadvokat – nekta sjølv under trugsmål å stemma for dødsstraff etter lov med tilbakeverkande kraft. Han var villig til å drepa for saka, men ikkje bryta rettsstatens fundamentale prinsipp.
Eit anna døme er norske domstolars stille opposisjon. Graver nemner døme når det gjeld tvangsarbeidsnekt der norske domstolar oversåg dei strenge straffene som okkupasjonsmakta føreskreiv, og som Høgsteretten opprettheldt. Eg meiner dette gjaldt langt fleire av lovene som vart gjevne frå hausten 1940 og utetter andre verdskrigen. Til dømes vart brot på rasjoneringslovgjevinga ved fleire høve idømde latterleg låge straffer som Høgsteretten gong på gong sette opp. Det same gjaldt trakassering av NS-medlemmer.
Det er altså endå meir å utforska når det gjeld både høgsteretten og andre domstolar under okkupasjonen. Men bøkene til Graver er ein god start.
Jørn Øyrehagen Sunde
Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Okkupasjonsmakta senka pensjonsgrensa framfor å sparka dommarar.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.