Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Alt går i ring

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå den britiske serien «No Sex please, We are British!» frå 1973.

2957
20180126
2957
20180126

Denne veka er det 55 år sidan eg flytta til London for å ta fatt på den første korrespondentjobben min. 1963 skulle verta meir enn rikt nok på hendingar; Hugh Gaitskell døydde den veka, det britiske arbeidarpartiet måtte ha ny leiar og i mars stod det første biletet av ei ukjend dame som heitte Christine Keeler i avisene.

Slike historier var utenkjelege i norsk politikk. Visst var det vel ein og annan politikar som klådde litt på kvinner, men dette var ikkje avisstoff. Det var særengelsk, og frodige dramatikarar laga eit lystspel med mykje renning ut og inn av rom og med tittelen No Sex please, We are British!

Å sitja i gyngestolen eit halvsekel seinare med Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Venstre, Sosialistisk Ungdom og Senterpartiet, pluss Kristeleg Folkeparti for godt mon på toppen av saklista, var noko eg ikkje såg for meg, der eg sat i Old Bailey i London og noterte – og fekk heiarop frå redaksjonen heime med krav om berre litt fleire detaljar.

Sidan kom Bill Clinton og Lewinsky-saka. Heller ikkje slik skulle eller kunne vi ha det i fedrelandet.

Rett nok var det i Christiania på 1800-talet eit råskinn av ein redaktør som sa nei takk til eit tips om ei frisk historie om ein politisk motstandar som dyrka kvinner han ikkje var gift med. Formulerte seg godt gjorde han òg: «Eg er overtydd om at kjønnsdrifta er nokolunde likeleg fordelt mellom partia.» Han var samtidig med Bjørnson, så utan innsikt var han ikkje.

Djevelen sit, som alltid, i detaljane. Kor mykje skal vi, eller treng vi, få vita om Trond Giske og Kristian Tonning Riise? Kor går grensa mellom eit litt for sprelsk privatliv og den politiske prosessen? Vi trudde vel vi visste det, både politikarar og pressefolk, men når det vert maktmisbruk frå høgt plasserte tillitsmenn andsynes ungdomar som tek dei første vaklande stega på karrierestigen, er det kanskje litt annleis. Og når ein kultur- og kyrkjeminister kjem med gode tilbod til teologistudentar på prestemøte, skal det ikkje mykje dømekraft til å skjøna at slikt ikkje går.

Så er det det som har vorte hovudsaka: Korleis skal leiarane i dei politiske partia te seg når det kjem meldingar om ting som ikkje er bra? For å ta første kapittel: Det var berre kort tid etter at Giske hadde vorte vald til leiar i AUF i 1992, at det kom meldingar – eller rykte. Vi pressefolk visste det, utan tvil gjorde leiinga i partiet det òg, men det var ikkje lett å styra landet og halda eit auga eller halvtanna på det om hende i AUF. Seminara på Reistad, som var Høgres partiskole ved Drammen, var lite inspirert av fråhaldssaka, men ungdomar må vel få ha litt moro? Og festar i Senterpartiet er festlege, ikkje minst i Hedmark.

Så gjekk det som det gjekk. Kven veit? Det kan verta tid til og for politikk i februar.

Per Egil Hegge

Per Egil Hegge tek ein pause frå spalta ei tid framover.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Formulerte seg godt gjorde han òg: «Eg er overtydd om at kjønnsdrifta er nokolunde likeleg fordelt mellom partia.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis