Alt heng saman med alt
Statsminister Gro Harlem Brundtland er kjend for formuleringa alt heng saman med alt.
Foto: Morten Hvaal / NTB scanpix
Det djupe visdomsordet i tittelen vert gjerne tillagt Gro Harlem Brundtland i statsministerperioden hennar i førre hundreåret. Og det som i mi tronge journalistverd har hange saman med alt ved dette årsskiftet, er så ulike faktorar som ein norsk roman som fekk Brageprisen, minnet om ein brysk, russiskfødd israelar som hentar ei norrøn bok ut av bokhylla si i Jerusalem i 1972, ei merkeleg hending under ein lynsjakkmeisterskap i St. Petersburg i romjula og ein russisk sjakkspelar med eit tungegymnastikknamn som Dostojevskij kunne ha konstruert, og som byr på underfundig visdom og innsyn.
Vi byrjar med slutten. Jan Nepomnjasjtsjij er ein av dei fremste lynsjakkspelarane i verda, hard konkurrent og nær ven av Magnus Carlsen. Etternamnet har rot i verbet pomnit, å hugsa. Med litt kreativ evne kan det omsetjast til «han som ikkje hugsar». Det han ikkje hugsa i romjula, var at han skulle spela mot Carlsen. I staden sat han på venterommet og prata med ein annan konkurrent. Da han omsider fekk områdd seg, var halvparten av dei tre minutta som ein lynspelar har til rådvelde, gått. For sjølvsagt starta den beinharde overdomaren klokka, slik reglane fastset, enda Carlsen bad pent for venen. Det Carlsen da gjorde, i staden for å utnytta situasjonen, var å gå med på remis (uavgjort) ganske kvikt.
VM i sjakk er nådelause greier, men Carlsen ville altså ikkje vinna på den måten. Han viste med andre ord ekte riddarånd.
Så må vi til Jerusalem. Boris Zukherman hadde gjennom heile 1960-talet vore ein pest og ei plage for det sovjetiske hemmelege politiet. Han var uoffisiell rådgjevar for dei opposisjonelle, som ofte vart arresterte. Sjølv berga han seg. Han hadde særlege føresetnader fordi han kunne det sovjetiske lovverket på rams. Derfor klaga han kvar gong politiet sette seg ut over det. I 1971 hadde dei fått nok av han og eksporterte han til Israel, der han fekk jobb som dataekspert. (Det heitte cybernetikar den gongen.)
Eg var interessert i å høyra korleis han fekk til dette; nokon lett balansegang var det ikkje. Han kjende at dei pedagogiske evnene hans kom til kort, så brått gjekk han bort til bokhylla og gav meg ei bok.
–?Kva er spesielt ved denne boka, spurde han.
Det var ei russisk omsetjing av fire norrøne sagaer, og eg sa litt famlande at dette er spesielt velskriven litteratur, men det er kanskje ikkje det De meiner?
– Det er ikkje det eg meiner, nei. Denne boka skildrar eit samfunn som fanst for tusen år sidan. Alt da hadde dei ei lov, og det var age for lova. Ho skulle lydast. I Russland var det òg lover på den tida, men lydde vart dei ikkje.
Til slutt Brageprisen. Tore Kvæven, lærar og sauebonde i Sirdal, kom i fjor med romanen Når landet mørknar, ei barsk stridssoge og ei vakker, poetisk kjærleikshistorie frå Grønland på slutten av 1200-talet. Eg er mindre enn måteleg interessert i Grønland for 700 år sidan. Men både skrivekunst og struktur tok pusten frå meg, i skildringa av eit samfunn der mannemenn kjempar så blodet flyt om kvinner og teigar og eigedomar. Midt oppe i dette har dei lover, dei har lovseiemenn, og dei rettar seg etter moralske reglar jamvel om det kan føra til at halve ætta går under. Ein mann er ein mann, og eit ord er eit ord.
Så hender – eller hende – vel alt dette fordi nordmenn, frå vår Carlsen til Kvævens Arnar, er betre enn alle andre? Var det i alle fall for tusen år sidan? Statsministeren sa visst noko om det òg. På 1900-talet. Kanskje tok ho litt for hardt i.
Men det er vinteridrettstider, og jamvel om dagane er korte, kastar dei lys over det meste, så landet ikkje mørknar. Ikkje ved TV-skjermen i det minste.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Så hender – eller hende – vel alt dette fordi nordmenn, frå vår Carlsen til Kvævens Arnar, er betre enn alle andre?
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.