Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Arbeidslaget hains Bårris Johansen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Boris Johnson syklar vekk frå rådhuset i London etter å ha lansert seg sjølv som borgarmeister 16. juli 2007.

Foto: Sang Tan / AP / NTB scanpix

3713
20191004
3713
20191004

Journalistikk kan føra til kva det skal vera – dersom du har vett til å skifta til eit anna yrke. Winston Churchill og Boris Johnson er to pressefolk som har drive det heilt til statsministerstolen, eit nytt prov på at gamle ordtak har mykje sanning i seg. Det er ikkje dei åleine om, men den sistnemnde har skrive bok om den første. Bokverket er aktuelt denne månaden.

Boris Johnsons The Churchill Factor kom for fem år sidan, og det er meir i vente: I 2015 kunngjorde Johnson at boka hans om ein annan brukbar skribent, William Shakespeare, kunne ventast året etter. Det har floka seg litt til med andre gjeremål og plikter, så vi ventar framleis. Det gir tid til å sjå på boka ein gong til.

Eit spørsmål ein alltid bør retta til skribentar, lyder: «Kva er det du skriv om? Eigentleg?» Eit svar står så tidleg på side 22 i Churchill-boka: «Prestisjen hans, ryktet hans, utsiktene hans, egoet – alt dette som er viktig for politikarar – vart sette inn for å kjempa vidare; og det har fått somme historikarar til å gjera den feilen at dei trudde det var han og han åleine det handla om, og ikkje om det som var i britisk interesse.»

Dette står i eit avsnitt om dei dramatiske dagane i slutten av mai 1940, da Churchill hadde vore statsminister i tre veker, Tyskland sigra på alle frontar, Frankrike ville kapitulera, og det kom eit tilbod frå Tyskland om fredsforhandlingar. Churchill var den som sa nei, og krigen gjekk vidare i sterk motvind, og med like sterk motstand i krigskabinettet hans.

Men om vi no seier at Boris Johnson her skriv sjølvbiografi? I tidlegaste laget, men travelt har mange hatt det før han. Sant nok var han borgarmeister i London på den tida; inn i Underhuset kom han ikkje før i 2015. Lite tyder på at den ansvarslause journalisten og rabagasten med sterke anlegg for fri dikting alt hadde tenkt på Downing Street da. Men gode idear treng ofte tid for å mognast. Og tid gjekk før mange fekk grunnlag for mistanke om at det her er Boris Johnson det handlar om, ein mann som kjempar hardt og kompromisslaust for Storbritannias interesse og ikkje noko anna. Høgsterett har ikkje forstått det, og Underhuset har vedteke at britane ikkje kan gå ut av EU utan ein avtale, men pytt pytt.

To hindringar ligg i personlegdomen hans. Han er doven og les seg ikkje opp på sakene. Og som Brussel-korrespondent for The Times fekk han fyken for å ha konstruert historier som ikkje var sanne. Det bremsa han ikkje; han gjekk over til The Daily Telegraph. I korrespondentkorpset i EU-hovudstaden var han kjend for det faste ritualet sitt: Kvar dag kom han for seint til den daglege presseorienteringa og braut inn med: «Skal vi ikkje få høyra kva for galenskap dei energiske byråkratane i Brussel har funne på i dag?»

Leverte dette arbeidslaget ikkje varene den dagen, fann han på ei god skrøne sjølv. Den beste, eller verste, var at produksjonen av dyregjødsel i EU skulle standardiserast. Derfor skulle eit nytt korps av ekspertar med god luktesans inspisera produksjonen og samordna produkta. I ein avisredaksjon skortar det på landbrukserfaring og gamal jord under neglene, så møkka landa trygt på førstesida i Daily Telegraph.

Det var yrkesbrør og -søstrer som meinte at han burde halda seg til sanninga. På slik kritikk hadde han eit godt svar: «Eg lempa dagleg ein handgranat over gjerdet, og når han eksploderte i drivhusa heime, vart det mykje moro.»

Om kombinasjonen er mogleg, er dette ei dårleg bok som er godt skriven. Noko er sant, dessutan – eit frynsegode. Og så kan vi venta på boka om Shakespeare. Men kanskje ikkje før Boris er eksstatsminister.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

To hindringar ligg i personlegdomen hans.
Han er doven og les seg ikkje opp på sakene.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis