Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Dei verkeleg skoleflinke

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Korsongarar i titusental samla i Tallinn 7. juli for å markera 150-årsdag for ein nasjonal songtradisjon som ikkje minst mobiliserte estlendarane til songrevolt mot sovjetokkupasjonen i 1980-åra.

Foto: David Keyton / AP / NTB scanpix

3661
20191213
3661
20191213

All den tid vi nordmenn – og kvinnene ikkje å gløyma – kan konkurrera i handball og langrenn for damer, er det ikkje så farleg med leseevnene så lenge vi kan stava oss gjennom resultatlistene. Dei er kanskje ikkje like oppmuntrande når vi skal sjå på utfallet av Pisa-prøvene, men det hjelper å stålsetja seg, retta ryggen og ikkje gå i svart.

Er ikkje det nok, er det berre å baska seg i den siste løypemeldinga frå oljefondet, rettare sagt «Statens Pensjonsfond Utland», og gleda seg over at ein må ha astronomiske talomgrep for å skjøna kor kvikt pengebingen vår veks. Pengebingen vår.

På Pisa-lista vart det norsk åttandeplass denne seinhausten, og atter fekk vi oppleva at det er 15-åringane i Estland som toppar tabellen.

Om vi kanskje til dagleg ikkje tenkjer på estarane som eit nordisk folk, er det minst to grunnar til å gjera det: Sjølve gjer dei just det, og det heng saman med meir enn det som kartet over Nord-Europa viser oss. Huslyden Hegge fekk det inn med skei, kniv og gaffel i dei åra da vi hadde estisk-amerikanske grannar i Washington. Dei hadde utvandra til Canada mot slutten av krigen, men slo seg snart ned i USA. Når dei hadde fest, baud dei eit sneis estiske utvandrarar, og så oss. Heile tonen, heile arrangementet, var skandinavisk, jamvel om ingen snakka svensk. Maten bar litt preg av finsk kokekunst, og estisk folkedans verkar svært estisk, men kjensla av kortreist og nær kultur var gjennomtrengjande. Og ingen vestfolding kunne ha lagt meir sjel i jonsokfeiringa enn dei estiske venene våre, jamvel om det vert tidleg mørkt i Washington ved midtsommar.

Men altså Pisa-målingane, som ikkje har det minste med eit skeivt tårn i ein by i Toscana å gjera; det er ei forkorting. Kvifor ligg Estland på topp?

Det skandinavar flest ikkje veit om kor effektivt det estiske kulturvernet er, kan oppsummerast slik: Det skal noko til for ein knapp million menneske å halda på sitt eige språk når du i to generasjonar har hatt 200 millionar eller så som snakkar slaviske eller tyrkiske tungemål, rundt deg. Og det galdt meir enn dagleglivet, det gjekk heilt til topps: Estland var den einaste sovjetrepublikken der det var mogleg – og lovleg – å ta universitetseksamen på høgste nivå på morsmålet. Eller doktorgrad for den del. Det var tungvint, for mykje av lærestoffet var på russisk. Men det var ei hjarte- og prinsippsak.

Da Sovjetunionen gjekk i oppløysing for ein menneskealder sidan, skulle Estland brått greia seg som eigen, sjølvstendig stat. Dette fall i tid saman med datarevolusjonen. Så tidleg som i midten av 1990-åra hadde estarane utvikla ein dataindustri, og innført databruk i administrasjon og undervisningsvesen, på like høgt nivå som i dei mest moderne landa i Vest-Europa. Det viktigaste våpenet dei hadde for å gjennomføra den politiske revolusjonen, eller overgangen, frå eit sovjetsosialistisk til eit liberalt demokratisk samfunn, var den nasjonale songskatten. Det står ingenting om slikt hos Marx og slett ikkje hos Lenin – begge kunne vera nokså umusikalske i meir enn éi tyding av ordet. Men estarane hadde hatt ryggrad til å halda sine eigne tradisjonar ved like og kunne no bruka dei som styresnor og kart.

Vert det førsteplass på matematikktabellen når ein legg slike metodar til grunn? Tydelegvis gjer det det, kor få spor som enn er å finna i noko av dei 55 banda der alle Lenins skrifter er samla. (Ja da, dei er omsette til estisk, alle saman.) Og kanskje har estarane satsa på eitt av fyndorda frå Lenin: «Det ein må gjera, er å studera, studera, studera.»

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Estland var den einaste sovjetrepublikken der det var mogleg – og lovleg – å ta doktorgrad på morsmålet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis