Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Det gamle huset

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Vladimir Putin og patriark Krill, overhovud for den russisk-ortodokse kyrkja, vitjar klosteret på øya Valaam nær finskegrensa i juli 2018.

Foto: Alexei Druzhinin / Sputnik / NTB scanpix

3471
20190927
3471
20190927

«… stend um enn tårni dei falla.» Dei gamle, arkaiske språkformene har det med å gi ei utsegn ei ekstra tyngd, ei tilleggskraft som det er vanskeleg å stå imot. Og den seinaste, men heilt sikkert ikkje den siste politiske leiaren som måtte bruka mykje av den første haustmånaden til å mulla over nedslåande tankar pakka inn i sterke religiøse ord som for lang tid sidan var plukka ut or ordbøkene, heiter Vladimir Putin og er president i Russland.

Den russiske kyrkja har overlevd to generasjonar med nådelaust ateistisk styre, riving av gudshus, øydelegging av kyrkjegods og -kunst og eit svært problematisk, meir viljelaust enn ærerikt, samarbeid med herskarane i Kreml. I midten av september tok meir enn hundre russiske prestar til orde for at dei harde fengslingsdomane over folk som har demonstrert mot den russiske regjeringa, er grunnlovsstridige og ikkje kan verta ståande.

Det desse prelatane brukte som ankerfeste for tankane sine, var eit omgrep frå mellomalderen som kan omsetjast til miskunn, nåde, medkjensle. Ordet heng saman med den posisjonen som martyriet har i russisk religiøs tankegang: Kyrkja og hennar menn har plikt til å ofra livet i kampen for rettferd og for å hjelpa dei som vert utsette for overgrep. Om dei styrande skulle få makta si frå sjølvaste Gud, skal dei likevel setja plikta til å verna individet først. Tradisjonelt er det så mykje kollektivisme i det russiske samfunnet og russisk filosofi at ei slik form for individuell tenking har vore alt anna enn sjølvsagd. Den tradisjonen gjer oppropet frå ein viktig fraksjon i presteskapet spesielt overraskande – så mykje meir fordi både president Jeltsin og president Putin gjennom dei siste tretti åra har arbeidd så hardt for å halda seg inne med den russiske kyrkja. I tillegg har dei begge, og Putin spesielt, søkt å bruka kyrkja som noko langt meir enn ein religiøs institusjon, nemleg som både vernar og forvaltar av den russiske nasjonen og av sjølve nasjonalkjensla.

Kor alvorleg det nye initiativet frå prestane er, kom straks til syne i dei første reaksjonane frå rettsapparatet. Etter nokre rettsmøte som gjekk over all måte greitt og kvikt unna, fekk somme demonstrantar over tre års fengsel for å ha sett seg ut over pålegg frå dei eigenrådige og effektive politistyrkane. Den fremste av desse opposisjonelle vart sette på frifot straks oppropet vart kjent. Ei slik avgjerd – kuvending er kanskje eit betre uttrykk – er utenkjeleg utan eit nikk frå presidenten. Putin gjer det dermed klårt at framferda frå politiet var for mykje for han. Slikt har politiet ikkje vore van med å høyra frå Kreml.

Putins veg til age for kyrkja har vore like kronglut som den russiske historia i dei snart 67 åra han har levd. Foreldra hans var ateistar. Faren arbeidde i KGB, mora hadde mista to born før og under krigen, og sjølv så vidt berga livet i eit sveltande og kringsett Leningrad. Putin vart døypt hausten 1952, men fylgde faren inn i KGB og gjorde teneste der, sist som offiser i Dresden i eit Aust-Tyskland i oppløysing. No går han kvart år fast til påskemesse, den viktigaste høgtida i den russiske kyrkja, og julemesse.

Når dei russiske prestane talar mot maktbruk, kunne den gamle KGB-mannen godt gjera Stalins ord til sine og hånleg spørja kor mange divisjonar paven – eller i dette tilfellet patriarken – har. Mangt tyder på at han kan ha fleire enn mange vil tru.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Putins veg til age for kyrkja har vore like kronglut som den russiske historia.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis