Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Ein historisk dato

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Så kjem vel ikkje dei gode, gamle dagane attende? Kanskje ikkje, men Friheten er framleis å få kjøpt i Oslo, skriv Per Egil Hegge.

4072
20191025
4072
20191025

Det er snart 60 år sidan, men ein kompis på russiskkurset i Forsvaret dreiv av og til risikosport når han reiste med Røa-trikken frå Oslo sentrum: Det hende at han kjøpte avisa Friheten, hovudorganet for det Moskva-trugne norske kommunistpartiet. Så stod han der, trygg og breibeint, og fekk med seg dei siste vurderingane frå Moskva. Det var ikkje så mange kommunistar i Oslo vest eller austre Bærum på den tida, og han kunne nok hauste eit skeptisk blikk eller to frå dei underkua massane som ikkje var meir politisk bevisste enn at dei las Aftenposten.

Det er dato for å minnast slikt denne veka. Nokre år seinare hende det at eg la vegen om 25. oktober-gata i Moskva, berre eit kvartal frå Den raude plassen og med utsyn til Kreml. Etter den førrevolusjonære kalenderen svarar den datoen til 7. november, den dagen bolsjevikane tok makta i 1917. Hundreårsdagen vart markert heller stillsamt for to år sidan, det er ikkje så mykje å feira. Da muren fall for 30 år sidan, var det ei karikaturteikning i tyske aviser av Karl Marx og Friedrich Engels, og i snakkebobla stod det: «Proletarar i alle land, tilgi oss!»

Så kjem vel ikkje dei gode, gamle dagane attende? Kanskje ikkje, men Friheten er framleis å få kjøpt i Oslo. Ikkje som dags­avis lenger; bladet kjem kvar 14. dag. Tittelhovudet er som det var, og det manglar ikkje på kjende namn. Redaktøren heiter Harald Ø. Reppesgaard. Han er psykiater, og som det sømer seg for ein ekte revolusjonær, har han sona eit par fengselsdomar, men det er litt lenger mellom Moskva-turane hans no. Mykje lenger er det mellom dei artiklane som var dr. Reppesgaards varemerke: ros til sovjetiske psykiatrar for det høge nivået på sovjetisk psykisk helsevern og lange innlegg mot vestlege kritikarar som meinte at dei russiske kollegaene hans var litt for rause med medisindosane, spesielt til russiske opposisjonelle som var bura inne til behandling for sovjetfiendtleg verksemd. I det første oktobernummeret no i haust var det to artiklar av Pål Steigan, som nok har lettare for å få spalteplass i Friheten enn i det gamle hovudorganet Klassekampen med gladmeldingar om at det framleis går rette vegen for kapitalismen – bakover, forstår seg. Historikaren Bjørn Nistad, som har gitt oss boka Putin, Russlands redningsmann, eit verk som er inspirert av bibelordet «Sjå, han har gjort alle ting vel», er òg mellom dei faste skribentane. I Friheten har Nistad nokre velvalde ideologiske godord om pakta mellom Hitler og Stalin i august 1939, som bana veg for det tyske åtaket på Polen og den andre verdskrigen. Eit vakkert døme på målretta fredsarbeid.

Eg dreiv det aldri så langt som til å lesa Friheten på Røa-trikken. Eg kompenserte i mange år etterpå med å lesa Pravda, det kommunistiske hovudorganet til det sovjetiske partiet, anten eg budde i Moskva, i Washington eller i Oslo. Det var inga spenstig avis, men Pravda vart direkte årsak til at eit av borna mine lærte seg italiensk. Det var vel siste gongen gamlefar vart spurd om råd, da ein representant for neste generasjon ville vita om det på vidaregåande var best å ta russisk som fag framfor italiensk. Sjølvstendige born er det mange føremoner med, så eg svara at det var enkelt: «Vil du sitja som far din, kvar kveld i 40 år med Pravda, eller vil du læra deg eit språk som du kanskje får bruk for under ein palme med ein kopp cappuccino saman med ein kjekk italiensk gut som har scooteren sin ventande rundt hjørnet?»

For meg vart det vel ikkje meir enn éi morosam oppleving med Pravda. Eit år hadde Narvesen rota med fakturaen, så mitt Pravda-eksemplar gjekk til ein mann som stelte med økonomi i Aftenposten, og som hadde vore i Heimefronten under okkupasjonen. Tanken på at mappa til denne gode nordmannen no hadde ein lapp der det stod «Pravda-abonnent», var meir enn han kunne bera, så dette vart straks retta.

Eg saknar Pravda, særleg no i oktober og november. Men saknet er til å bera. Friheten kompenserer for så mangt, og cappuccinoen kan eg bryggja sjølv.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Eg dreiv det aldri så langt som til å lesa Friheten på Røa-trikken.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis