Elva som renn motstraums
Sundet mellom Borgenfjorden og Trondheimsfjorden har gjeve namn til Straumen.
Foto: Mahlum / Wikipedia
Men den elva der nede, ho rann da andre vegen i går kveld?
Eg veit ikkje kor mange gonger eg lo av den utsegna når far og mor hadde overnattingsgjester som kom og sette seg ved frukostbordet. Eg visste det var uhøfleg, men eg lo likevel. Og elva der nede hadde skifta retning sidan kvelden før, tydeleg, men naturstridig nok.
«Elva» er ein straum som snur med tidevatnet to gonger kvart døgn. Meir naturstridig er det ikkje, og staden heiter Straumen. Måndag 12. oktober kjem det storfint besøk heilt frå Frogner i Oslo: Kommunalminister Nikolai Astrup tek turen frå Oslo-gryta for å heidra dei 1800 inntrønderane som bur der, for regjeringa har peika ut dette bygdesenteret som årets tettstad i kongeriket. Det skjer i konkurranse med Porsgrunn og Hamar, enda dei to har bystatus. Straumen har eit stykke dit, men dei fagfolka og diplomforvaltarane som har sett litt på korleis dei har det, dei som byggjer og bur der, har funne ut at det er ein god stad for slikt. Og i livet er det ikkje så mange ting som er viktigare enn å finna – eller skapa – ein stad der det er råd å byggja og bu og ha det både leveleg og vakkert rundt seg.
Det har gått 24 år sidan kommunen, Inderøy, der Straumen er hovudstaden, eller bygdesenteret i det minste, vart kåra til årets kulturkommune. Ingen inntrønder tek slik virak utan ein solid dose sindig skepsis. I fleire lesarbrev i vekeavisa Inderøyningen var det ein og annan av dei fastbuande som meinte at dette berre ville føra med seg større krav om utgifter til enda meir kultur, og færre sjukeheimsplassar. Som om det skulle vera mogleg å leva av slikt?
Men dei heiste flagget i 1996, som dei kjem til å gjera no, i 2020. Og folketalet aukar på Straumen, eit sikkert teikn på trivsel. Sakshaug skole, som har ballettline på vidaregåande, måtte ha plass til fem nye førsteklassar da skoleåret tok til no i haust. (I mi tid hadde ikkje kommunen skolebuss til landsgymnaset i Steinkjer, men det er lenge sidan.) Inderøy er samarbeidsviljug til og med, slik det er nemnt i grunngjevinga for heideren. Ein ting er dei nye samarbeidsprosjekta i næringslivet i bygda, men i tillegg er dette noko så raust og unorsk som ei bygd som har sagt ja til kommunesamanslåing – ikkje fordi regjeringa kravde det, men fordi grannekommunen Mosvik meinte det var fornuftig å ta eit slikt initiativ. Inderøyningane gjorde seg ikkje kostbare, men sa ja på flekken. Dei fekk ein toppidrettsmann på kjøpet, så eit nytt skistadion har fått namn etter Petter Northug jr. Det namnet står ved lag, og på skilt, ei knapp mils veg frå Straumen, trass i eit uhell eller to på vegen. Inderøyningar veit like godt som andre at den som ikkje vågar noko, og som ikkje maktar å reisa seg att etter eit tilbakeslag, han vinn ikkje noko heller.
Toppidrettsfolk hadde bygda flust av lenge før Northug jr. vart fødd i 1986. I 1954 var noregsmeisteren i høgdehopp ikkje berre frå Inderøy, men frå Straumen. Han heitte Tormod Holand, og under kvalifiseringa slo han den jamaldrande naboen og konkurrenten frå gutedagane, Nils Aas, som seinare vart skihoppar og kunstnar. Lorns Skjemstad vann kortdistansen i NM på ski i 1965, men han var frå ein annan kant av bygda. Ivar Ramstad hadde norsk rekord i diskos i slutten av 1940-åra, men var rørbygg, og Røra vart ikkje slått saman med Inderøy før i 1964. Da hadde Ramstad meldt overgang frå diskosringen til bridgebordet og bringebærhagen sin.
Det vert plagsamt mykje skryt om fleire skal nemnast. Vi innfødde inderøyningar kvir oss for slikt. Så vi dempar oss og er ikkje snauare enn at vi gjerne vedgår at det finst like fine stader i nærleiken:
– Ingen i Trøndelag, og dermed i heile Noreg, bur så vakkert som naboane våre på Ytterøya – som i motsetnad til Inderøy er ei øy, slik namnet seier. Korleis det har seg?
– Jau, ser du, ingen har så fint utsyn til Inderøy som dæm som bur på Ytterøya.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ingen inntrønder tek slik virak utan ein solid dose sindig skepsis.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.