Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Gåvepakker er det kjekt å få

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den danske statsministeren Mette Frederiksen la ikkje skjul på at dei hadde fått ei hjelpesending frå den kinesiske mangemillionæren Jack Ma.

Foto: Ida Gulbæk Arentsen / Reuters / NTB scanpix

3525
20200327
3525
20200327

Det hender skilnaden mellom nordmenn og danskar er større enn mange vil tru. Det gjeld meir enn den overdådige svindelen som den danske skatteetaten i årevis har operert med til beste for svært kreative London-baserte finansakrobatar.

– Slik er det da alle stader, var den einaste kommentaren dei danske venene mine hadde kvar gong eg nemnde milliardane som hamna på feite kontoar i Dubai, «refunderte» summar som systematisk vart tappa frå Danmark. Det gjekk så det suste i år etter år, og eg ser enno for meg hakesleppen hos Øystein Olsen, den norske sentralbanksjefen, da eg fortalde han om denne svært spesielle bruken av oljepengane som danskane ikkje har. Vi to er ikkje omgangsvener til dagleg, og dette var heilt ukjent for han, enda danske aviser grundig hadde fortalt om det som hende. Eg veit enno ikkje om han trudde meg eller meinte det måtte vera ei dryg og ikkje spesielt kløktig trønderskrøne.

Litt mindre målestokk hadde det da eg slo på fjernsynet i grålysinga ein måndag no i mars og fekk inn statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høie i ministerbilar på rask veg til Skedsmokorset – av alle stader. Den natta hadde det landa eit transportfly med førstehjelpsutstyr: andletsmasker og respirasjonsutstyr frå Kina. Det vil seia: Statsministeren ville ikkje nemna kvar utstyret kom frå. Men det stod altså Kina på kassane, både med latinske bokstavar og med kinesiske teikn (eg les ikkje kinesisk, men når det står Zhong Guo – Midtriket – på kinesisk, er eg nesten for alfabet å rekna). Så utan hjelp frå andre skriftlærde var eg på høgd med situasjonen, og regjeringssjefen kunne ikkje lura denne karen, nei, enda eg ikkje hadde fått av meg pysjamasen enno.

Kva det har med danskane å gjera? Ikkje så mykje, kanskje. Men nokre dagar før hadde den danske helseministeren sagt nei takk til eit tilbod frå Sør-Korea om ei sending med andletsmasker og respirasjonsutstyr, som danske sjukehus tok til å mangla. Han fekk lite ros for det avslaget, og sørkoreanarane hadde vondt for å løyna at dei var svært overraska. Vel, for dei fleste som er snille, ordnar ting seg, som vi veit. Så etter nokre dagar dukka det opp ei imponerande mengd kassar på ein storflyplass i Danmark, og sanneleg var dei merkte «Kina». Ikkje berre det, den danske statsministeren viste seg nokså mykje meir open enn den norske yrkessystera si og kunne fortelja at dette var ein leveranse frå den kinesiske mangemilliardæren Jack Ma. Han er i den spesielle situasjonen at han ikkje anar kvar han skal gjera av alle pengane sine. Gåve eller sal, det vart ikkje sagt noko om det, men ingen tvilar på at dette utstyret nok kjem godt med.

Vi kan ha eit interessant tilleggskapittel i vente, og da må vi teikna ein sirkel som går nokre kilometer bortanfor Skedsmokorset ved Oslo. Både kinesarane og sørkoreanarane har vore svært tydelege: «Vi var dei første som måtte gå i krig med koronaviruset. Det var i mangemillionbyen Wuhan. Vi gjorde det, og vi var ganske effektive. Kanskje er det slik at folk i Vesten har noko å læra av oss – av massemobiliseringa, av disiplinen, av innsatsen, av innsatsviljen, av evnene til å setja inn store styrkar, til å senda store transportfly utan at vi bryr oss med krav om at det skal seiast noko om kvar dei kjem frå.»

Det veit vi lite om enno. Men den som enno ikkje har forstått at vi lever i interessante tider, kan ha rett store dosar lærdom i vente.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Jack Ma er i den spesielle situasjonen at han ikkje anar kvar han skal gjera av alle pengane sine.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis