Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Gjer norsk forståeleg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Klart språk er med å tryggje demokratiet og styrkje tilliten til staten», skreiv statsråd Heidi Grande Røys til dei andre regjeringsmedlemene før ho blei skifta ut i 2009.

Falch, Knut

3486
20170707
3486
20170707

I NRK-programmet Språkteigen søndag 2. juli snakka kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner om at offentlege brev helst skal vera til å forstå.

Det er i samsvar med aksjon Klarspråk, som vart starta av Heidi Grande Røys (SV) medan ho var leiar for Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Det var så vidt ho rakk å få gjort det våren 2009, før ho gjekk ut av statsrådstillinga etter valet og vart send attende til barnehagen i heimbygda Bremanger, der ho var styrar.

Ho sende brev om aksjonen til alle dei andre medlemene av regjeringa, og der skreiv ho at dette gjeld meir enn språk: «Eg meiner at klart språk er med å tryggje demokratiet og styrkje tilliten til staten.»

Aksjonen har vorte ført vidare av etterfylgjarar, og statsråd Sanner er den som no har ansvaret. Røys var elles den einaste statsråden som gjekk inn for at Grubbegata i regjeringskvartalet i Oslo burde stengjast for biltrafikk av tryggingsgrunnar. Det er ingen grunn til å mistenkje Jens Stoltenberg for at det var difor han gjerne gav slepp på henne. Ein beisk ironi er det no likevel i at ein barnehagestyrar såg betre enn toppfolka, både i politikk og presse, korleis demokratiet kunne tryggjast, ikkje berre med språkutbygging, men òg med andre, meir handfaste tiltak, fleire år før det small.

Meg undra det ikkje, men så har eg særkunnskap om dette: Eg har vore gift med ein barnehagestyrar sidan før Røys vart fødd. Det er ei yrkesgruppe med breitt og nyttig erfaringsgrunnlag. Gjennomføringskraft har dei òg, og folk skjønar kva dei seier.

I brevet siterte statsråden eit komplett uforståeleg avsnitt frå ei nokså ugrei utgreiing om nokre pensjonsreglar, truleg vel vitande om at heller ikkje samfunnsøkonom og tidlegare finansminister Stoltenberg kunne hjelpa far sin, jurist og tidlegare statsråd, med å skjøna korleis pensjonen hans skulle utreknast.

Ein av dei første statlege etatane som fekk Klarspråkprisen, var Skatteetaten. Der fann dei ut at både dei som skal betala skatt, og dei som skal ha pengane, har nytte og direkte inntekt av at folk skjønar kva som står i brev frå etaten. Dei såg dessutan at den demografiske gruppa som først kjem i klammeri med etaten, er fråskilde, dyslektiske menn i 40-årsalderen med éinmannsfirma.

Til dei nyttar det lite å skriva «med mindre pengane er betalte innan neste månadsskifte, vil det påbeløpe» osv. Men skriv dei «Betal, elles vert det dyrt» eller noko i den duren, kjem pengane. Og det er ikkje dårlegare norsk.

Det er lenge sidan no, men da eg fekk tenestebil som del av eit lønspålegg ved opprykk, kom det eit hefte om korleis eg skulle betala skatt av denne inntektsauken. Det var heilt uråd å skjøna kva eg skulle gjera, og eg fann på noko som eg framleis synest var lurt. Eg skreiv at «dette er uskjøneleg, også for ein som har ei viss trening i å lesa tung prosa på fleire språk. Eg har eit tilbod: Her er tala. Rekn ut kva eg skuldar, og send ein blankett, eg godtek summen over bordet.» Men prisen for så stor og heilt uvanleg velvilje frå mi side var høg: Neste år sende Skatteetaten meg ein brosjyre som var til å forstå.

Tala kom, med blankett. Og året etter kom det ei «veiledning» som bar namnet med rette.

Om det er eg som skal ha æra, stod det ingen ting om det. Inga takk heller. Det same kan det vera. Dette var før Røys hadde fått røysterett. Likevel har eg tenkt mykje på henne. På tvers av partigrensene.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Skriv dei «Betal, elles vert det dyrt» eller noko i den duren, kjem pengane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis